vårmure

Vårmure av . CC BY 2.0

Vårmure er ei fleirårig urt i rosefamilien. Arten blir mellom 5–10 cm høg, og er av Artsdatabanken raudlista i kategorien nær trua.

Faktaboks

Også kjent som
tidl. kalt småmure
Potentilla tabernaemontani

Skildring

Vårmure har femkopla blad og 5-talige gule blomar. Planta kan lett forvekslast med flekkmure, men manglar den karakteristiske orange flekken ved basis av kronblada.

Utbreiing

Planta er ein europeisk art med utbreiing i store delar av Europa. Planta veks i tette tepper eller tuer på tørre stader, oftast på baserik grunn. I Noreg finnes vårmure langs kysten til Trøndelag.

Vern

Her i landet er planta lista i kategorien nær trua på raudlista på grunn av avgrensa tal av førekomstar, ei fragmentert utbreiing og ein tilbakegang i naturtypar planta finnes i.

Kommentarer (3)

skrev Rønnaug Nytrøen

Finnes vårmure i innlandet , Lillehammer. Eller er det flekkmure uten flekk jeg har funnet ?

svarte Unni Vik

Hei Rønnaug, Så spennande! I følge artsdatabanken sitt artskart over vårmure ser det ut som planta ikkje finnes i innlandet. Planta kan, som du seier, lett forvekslast med flekkmure. Sidan denne skal ha flekk, og du har funne utan, ville eg nok fått nokon til å dobbeltsjekke arten du har funne.

skrev Unni Vik

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg