vårerteknapp

Vårerteknapp

av . Begrenset gjenbruk

Vårerteknapp, Lathyrus vernus, er ei flerårig urt i erteblomstfamilien. Ho er ei tidleg vårplante som veks i næringsrik lauv- og granskog. Planta, som vert 20–40 centimeter høg, blømer med raudfiolette til blågrøne blomar i mai–juni. Vårerteknapp veks i store deler av landet, nord til Nordland.

Faktaboks

Også kjent som
Lathyrus vernus

Skildring

Vårerteknapp er ei opprett fleirårig urt som vert mellom 20–50 cm høg. Stengelen er kantete. Blada er likefinna med to til fire par breie, spisse småblad og manglar klengetråd i enden. Planta blømer med 3–10 blomar i ein klase. Desse er først raudfiolette og vert seinare blågrøne.

Blomane er pollinert av humler og karakteristiske for erteblomfamilien; dei er femtallege, tokjønna og einsymmetriske med samanvokste begerblad og frie kronblad. Kronblada har ulike storleikar, det øvste og største vert kalla fana, dei to midterste er vingene medan dei to nedste kronblada er vokst saman og vert kalla kjøl. I kjølen ligg 10 pollenberarar.

Vårerteknapp har eit fruktblad og frukta som vert danna ein belg med fleire frø.

Dyrking og bruk

Vårerteknapp vert dyrka som hageplante.

Utbreiing

Planta finnes naturleg i Europeiske og Sibirske skogar.

Veksestad

Vårerteknapp føretrekk sol til halvskugge i næringsrik, veldrenert jord. Planta er hardfør til H8.

Systematikk

Nivå

Norsk namn

Vitskapleg namn

Art

Vårerteknapp

Lathyrus vernus

Slekt

Erteknappslekta

Lathyrus

Familie

Erteblomstfamilien

Fabaceae

Orden

Erteblomstordenen

Fabales

Klasse

Tofrøblada planter

Dicotyledoneae

Rekke

Dekkfrøa planter

Angiospermae

Rike

Planteriket

Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg