Torbjørg Aamlid Paus hverdagskledd sommerstid, i understakk, gråkupte og sumarsplagg.
.
Kirkekledd kvinne iført svart overstakk med rød og grønn kanting. Den svarte kanten tilhører den hvite understakken.
.

Utapåstakk er ein stakk til å ha ytst, altså over understakken. Ordet blir brukt særleg om folkedraktar og bunad og skikken med utapåstakk blir vidareført i nokre draktområde i dag, mellom anna i kvinnebunadene i Setesdal.

I Setesdal hadde dei ulike stakkane ulik farge. Understakken var kvit, utapåstakken svart og brudestakken som berre blei brukt av bruda på bryllaupsdagen var raud. Sjølv om understakken blei rekna som undertøy var den akseptert som sommarklede, og i dei varmaste månadene slapp kvinnene å gå med to ullstakkar utanpå kvarandre.

I andre dalføre, mellom anna Hallingdal, kunne ein sliten utapåstakk bli brukt som understakk. Også her var det akseptert å berre bruke understakk om sommaren og som arbeidsantrekk. Mellom anna ved fjøsarbeid var det vanleg å ta av utapåstakken slik at han ikkje blei skitna til.

Skikken med utapå- og understakk er ein del av folkedrakttradisjonen og er eit resultat av trekkfulle hus, utandørs arbeid og jamt over dårlege klede for kvinner.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg