Faktaboks

ungtyrkarane

ungtyrkerne

engelsk young turks

tyrkisk jöntürk (entall), jöntürkler (flertall)

Ismail Enver pasja
Enver pasja leia den ungtyrkiske revolusjonen i Det osmanske riket i 1908.
Den ungtyrkiske revolusjonen
Gresk litografi som feirar den ungtyrkiske revolusjonen og innføringa av eit konstitusjonelt regime i Det osmanske riket i 1908. Motiva på biletet er tydeleg inspirert av Den franske revolusjon.
Av .

Ungtyrkarane var ei politisk rørsle i Tyrkia i tida rundt den første verdskrigen. Rørsla tok sikte på å sammensveise det multinasjonale osmanske riket til ein organisk heilskap og gjennomføre reformer etter vesteuropeisk mønster.

Bakgrunn

Rørsla hadde ein forgjengar i nyosmanane, som starta blant eksiltyrkarar i Frankrike og var i byrjinga reint litterær. Dei politiske aspirasjonane til rørsla såg ut til å bli oppfylt med grunnlova av 1876, men etter at sultan Abdülhamit 2. hadde oppheva denne, vart rørsla aktivisert igjen.

Den ungtyrkiske revolusjonen

Frå 1889 organiserte ungtyrkarane seg i Tyrkia og i utlandet, særskild i Paris, og dei danna Partiet for eining og framsteg, som kom til makta i Tyrkia etter den såkalte «ungtyrkiske» revolusjonen i 1908. Denne braut ut etter inntrykk frå dei revolusjonære hendingane i Russland i 1905–1907. Den utløysande årsaka til omveltninga var den russisk-britiske avtalen av 1908 om kontrollen over provinsen Makedonia. Dei tyrkiske garnisonane i Makedonia, som vart leidde av Enver pasja, gjorde væpna opprør og marsjerte mot Konstantinopel. Abdülhamit 2. vart tvinga til å innføre grunnlova av 1876 igjen og sammenkalle ei nasjonalforsamling. I 1909 vart sultanen avsett og erstatta med Mehmet 5. Regjeringsmakta vart overteken av «Komiteen for eining og framsteg».

Politisk program og styre

Ungtyrkarane hadde ikkje noko presist definert sosialt program, og dei kom i konflikt både med dei nasjonale minoritetane og arbeidarane. Som følgje av dette braut det ut ei rekke streikar og politisk uro i riket, og denne oppløysingstendensen vart styrkt gjennom Tyrkias nederlag i krigen mot Italia i 1911.

I 1913 vart den ungtyrkiske regjeringa omforma til eit tremannsdiktatur under Enver pasja, Talat pasja og Kemal pasja, som først gjennomførte ei rekke reformer særleg på opplysingsområdet, men gjekk deretter inn for å gjennomføre eit sjåvinistisk program i samvirke med tyskarane.

Det ungtyrkiske regimet endte med Tyrkias kapitulasjon i 1918, men hjelpte fram den nasjonale frigjeringsrørsla som førte fram til danninga av Republikken Tyrkia i 1923.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg