Umami er truleg den femte grunnsmaken, ved sida av søtt, salt, surt og bittert.

Faktaboks

Uttale
umˈami

Umami blei først påvist i 1908 av den japanske forskaren Kikunae Ikeda (1864–1936). Han fann at det var natriumglutamat, eit salt av glutaminsyre, som er ei av dei 20 aminosyrene som byggjer opp protein.

Umami kan nærast skildrast som buljongaktig smak. Den viktigaste eigenskapen er at han som natriumglutamat er ein effektiv smaksforsterkar, og blir brukt som tilsetning i mat.

Det viktigaste argumentet for at umami er ein grunnsmak, er at ein har funne smaksreseptoren for natriumglutamat.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg