ullgarnsbroderi

Ullgarnsbroderi på ullstoff.
Jordebunaden
Av /Norsk bunadleksikon.
Broderiet på den første utgaven av Gudbrandsdalens festbunad.
Av /Norsk bunadleksikon.

Artikkelstart

Ullgarnsbroderi er brodering med garn av ull. Ullgarnsbroderiet sto sterkt i bunadsrørsla i dei nasjonale straumdraga tidleg på 1900-talet, og mange av bunadene som vart skapte på denne tida fekk slikt broderi.

Hulda Garborg var av dei som prata varmt om norsk ull, heimevove og heimespunne, og ho hadde som mål at alt på bunaden skulle vera norsk. Dette var ikkje i samsvar med dei tradisjonelle folkedraktene der det kunne bli nytta både importerte stoff og tråd, men ideen festa seg likevel. I åra fram mot andre verdskrig vart det skapt mange bunader i Noreg og dei fleste var fritt komponerte. Dei var ofte i livkjolefasong med same farge på stakk og liv, og huva og lauslomma var og i dette stoffet. Det var og vanleg at dei var rikt brodert, og at motiv frå stakk og liv gjekk att på lomme og huve.

Etter andre verdskrig endra oppfatninga om korleis ein bunad skal sjå ut seg, men det vert framleis komponert nye bunader i denne tradisjonen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg