Danmark i juli i 2017 og 2018
Tørkesommaren i 2018: Satellittbileta viser området rundt Slagelse i Danmark i juli 2017 og juli 2018. Lite nedbør saman med uvanleg høge temperaturar over lang tid gav svært høg fordamping og tørke over store delar av Europa sommaren 2018.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Fare for tørke
Kartet viser fare for tørke og er basert på tørkehendingar i perioden 1901-2010. Faren for tørke er generelt høgast i halvtørre (semiaride) område og lågast i tropiske område.
Av .
Lisens: CC BY 4.0

Tørke er ein lengre periode der eit område får mindre nedbør enn normalt. Lite nedbør over lengre tid påverkar det hydrologiske krinsløpet, og ein kan få ulike typar tørke.

Meteorologisk tørke, altså ein periode med lite nedbør over tid, kan gje jordbrukstørke. Det vil seie at det oppstår vassunderskot i jorda. Vidare kan ein få hydrologisk tørke, altså låg grunnvasstand og mindre vassføring i elver. Hydrologisk tørke kan òg oppstå når vassforbruket overstig tilførsla av vatn frå nedbørfelt.

Tørke utviklar seg seint og kan vare i fleire månadar. Lite nedbør eller mindre tilsig over tid får konsekvensar for økosystem og økonomi. I Noreg påverkar tørke først og fremst sektorar som vassforsyning, jord- og skogbruk, vasskraft og industri. I Noreg kan vi oppleve tørke både om sommaren og vinteren. Døme på tørkehendingar i Noreg i seinare tid er vinteren 2009–2010 og tørkesomrane i 2018 og 2021, med stor fare for skogbrannar.

Utbreiing

Tørke kan oppstå dei fleste stadar på Jorda, men med ulik lengd og frekvens. Nærast permanent tørke finn ein i Jordas ørkenområde. Her vil jordbruk berre vere mogleg ved irrigasjon (vatning). Sesongprega tørke oppstår jamleg i område som har ein årleg syklus med regntid og tørketid.

Meir ekstrem tørke

Hyppigare tørke er ei sentral følge av klimaendringane i mange regionar. Endringar i temperatur, nedbør og fordamping gjev fleire endringar i det hydrologiske krinsløpet. I Europa er det særleg i landa rundt Middelhavet kor omfanget av tørke kan bli mest alvorleg framover. Berekraftig bruk av vassressursar blir difor endå viktigare i framtida.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg