Tyttebær i bløming. Finse.
Tyttebær (Vaccinium vitis-idaea) i bløming i Trøndelag.

Tyttebær er ein dvergbusk i bærlyngslekta i lyngfamilien. Planten har raude, syrlege bær, som blir rekna for å vere eitt av dei viktigaste ville bæra i Noreg. Tradisjonelt blir bæret mellom anna brukt som syltetøy, til saft og til gelé.

Faktaboks

Også kjend som

tytebær

Vitskapeleg namn
Vaccinium vitis-idaea
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Beskriving

Tyttebær er ein mellom 10 og 30 centimeter høg dvergbusk med vintergrøne, lêraktige blad. Blomane er kvite til raudlege, klokkeforma og sit saman i klasar. Frukta som blir danna, er eit raudt bær, tyttebæret, som inneheld mange frø.

Utbreiing

Tyttebær finst på heile den nordlege halvkula, i Europa, Asia og Nord-Amerika. I Noreg er planten vanleg på skrinne stader i furuskog og på lyngheiar. I Jotunheimen veks tyttebær opp til 1800 meter over havet. Det finst to underartar av tyttebær i Noreg: vanleg tyttebær og småtyttebær.

Dyrking og bruk

Store avlinger.
I år med gode tyttebæravlinger kan det plukkes store mengder.
Store avlinger.
Russedessert.
Russedessert er en nydelig dessertrett. Den lages av tyttebærsaft som blandes med vann og kokes med semulegryn. Serveres kald med melk eller fløte,
Russedessert.

Tyttebær har ein syrleg, litt beisk smak, og blir rekna for å vere eitt av dei viktigaste av dei ville bæra i Noreg. Dei blir sanka i store mengder, er lette å oppbevare rørt eller sylta, og blir brukte som tradisjonelt tilbehøyr til kjøt av vilt.

Tyttebær blei tidlegare brukt i folkemedisinen. Fødande kvinner drakk avkok av tyttebærlyng mot blødingar, og tørka tyttebærblomar blei nytta mot astma. Tyttebærsaft var eit middel mot feber.

Tyttebær held seg godt fordi dei inneheld benzosyre, eit vanleg brukt konserveringsmiddel (E 210). Tyttebær inneheld cirka 11 milligram vitamin C, 87 milligram kalium, 85 prosent vatn og 216 kilojoule tilført energi per 100 gram etande vare.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tyttebær
Vaccinium vitis-idaea
Tidlegare vitskapleg namn
Rhodococcum vitis-idaea (L.) Avrorin
Artsdatabanken-ID
101829
GBIF-ID
2882835

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg