Type II hypersensitivitetsreaksjon er ein type betennelsesreaksjon som oppstår på grunn av at immunsystemet lagar antistoff som skader celler og vev (cytotoksisk reaksjon). Type II reaksjon er ein av fire typar av hypersensitivitetsreaksjonar som kvar har sine spesielle virkningsmekanismar.

Virkningsmekanisme

Type II reaksjonar
Type II reaksjonar

Type II reaksjonar blir kjenneteikna av at antistoff av andre klassar enn IgE bind seg til overflata på mikrobar og celler, eller til ekstracellulær substans (matrix). Fordi reaksjonen er retta mot celler, blir type II reaksjonar omtala som cytotoksiske (celleskadande) reaksjonar.

Motsetnaden til type II-reaksjonar er type III-reaksjonar, der antistoffa bind seg til molekyl i løsning og dannar frie immunkompleks.

Type II-reaksjonar på grunn av at antistoff bind seg til mikrobar eller antigen på cellemembranen har to hovedmekanismar. Desse to er Fc-reseptormediert fagocytose og komplementaktivering.

Ein tredje, fysiologisk heilt annleis mekanisme som vi også omtalar under type II-reaksjon er når antistoffbinding enten blokkerer eller stimulerer signaloverføring frå hormonreseptorar eller i synapsar i nervesystemet. Dette skjer utan celleskade eller betennelsesreaksjon. Denne mekanismen var ikkje opphaveleg inkludert i Coombs og Gells system. Den blir stundom lagt til som ein ny type V-reaksjon, slik ein kan sjå i enkelte lærebøker. Vi vel her å legge stimulerande og hemmande verknad av antistoffbinding til reseptorar eller synapsar inn under type II-reaksjon, slik mange leiande immunologar gjer.

Fagocytose og type II reaksjon

Fagocytose på grunn av at antistoff har bunde seg til mikrobar eller andre antigen, kan skje enten direkte ved kobling til Fc-reseptorar på cellemembranen eller indirekte med komplementaktivering som mekanisme. Kobling til Fc-reseptorar på celler som er fagocyttar (monocyttar og makrofagar, nøytrofile granulocyttar) skjer særleg på grunn av antistoffsubklassane IgG1 og IgG3. Fagocytose på grunn av aktivering av komplementsystemet skjer ved at komplementfaktor C3b bind seg til koblingsmolekyl (reseptorar) på mikroben. Bindinga av C3b fører så til fagocytose. Komplementsystemet blir aktivert særleg av antistoff av isotypane IgG1, IgG3 og IgM når desse bind seg til antigen.

Binding av antistoff, komplementfaktorar eller akuttfaseprotein til ein mikrobe eller anna antigen verkar altså som ein merkelapp eller 'anker' for fagocytose og legg til rette for opptak og nedbrytning av mikroben eller antigent i fagocytten. Dette blir kalla opsonisering. Antistoff, komplementfaktor C3b og akuttfaseprotein blir i denne samanhengen med eit fellesnamn kalla opsonin.

Fagocytosen fører ikkje berre til at fagocytten 'et opp' mikroben og 'fordøyer' og øydelegg den. Fagocytosen vil også aktivere cella, og får den til å kommunisere med resten av immunforsvaret ved å endre uttrykket av overflatemolekyl og sende ut signalmolekyl. Cella som fagocyterer 'slår alarm', og tilkallar og aktiverer andre immunceller og aukar på den måten betennelsesreaksjonen. Nøytrofile granulocyttar vil ved aktivering også sette fri betennelsesfremjande molekyl som enzym og reaktive oksygenprodukt.

Komplementaktivering og type II reaksjon

Antistoff som bind seg til ein mikrobe eller anna antigen vil kunne aktivere komplementsystemet, som gjennom fire ulike mekanismar kan føre til betennelsesreaksjon. Desse fire mekanismane er fagocytose, celleøydelegging (lysering), tilkalling av betennelsesceller (kjemotaksis) og frisetting av mediatorstoff frå celler (til dømes degranulering av mastceller).

Fagocytose

Fagocytose er den eine mekansimen. Aktivering av komplementsystemet vil gi auka fagocytose særleg på grunn av komplementfaktor C3b som er eit opsonin (sjå ovanfor).

Celleøydelegging

Celleøydelegging, også kalla lysis eller cellesprenging, skjer når komplement blir aktivert på cellemembranen. Der antistoff bind seg til cella, vil komplement bli aktivert og lage hol i cellemembranen, og cella vil gå i stykker (lysere). Dei aktive elementa i komplementsystemet vil her vere det såkalla lysis-komplekset med komplementfaktor C5b og vidare til C9. Stoff frå den øydelagte cella gir eit faresignal til immunsystemet, og vil igjen tilkalle forskjellige betennelsesceller (kjemotaksis) og fremje betennelsen.

Tilkalling av betennelsesceller

Tilkalling av betennelsesceller (kjemotaksis) skjer dels på grunn av fagocyttaktivering og celleskade (sjå ovanfor), men også fordi noen komplementaktorar danna ved aktiveringa verkar direkte som signalstoff som tilkallar betennelsesceller (kjemotaksin), det gjeld særleg C3a og C5a.

Frisetting av mediatorstoff frå celler

Frisetting av signalmolekyl og biologisk aktive stoff frå celler skjer ikkje berre ved celleskade, med også ved at noen produkt frå komplementaktiveringa bind seg til reseptorar på overflata til visse celletypar.

Komplementaktiveringsprodukta C3a og C5a blir kalla anafylatoksin fordi dei bind seg til reseptorar på mastcellene og får desse til å degranulere og frisette histamin og andre biologisk aktive molekyl. Dette gir ein reaksjon som heilt kan likne ein IgE-mediert anafylaktisk reaksjon, og som derfor blir kalla ein anafylaktoid eller pseudoallergisk reaksjon. Ein slik reaksjon kan altså vere ein Type II-reaksjon etter Coombs og Gell-klassifiseringa.

Stimulerande og hemmande antistoff som type II reaksjon

.

Antistoff retta mot kroppens eigne molekyl er autoimmune antistoff. Nokre gonger er desse antistoffa retta mot kroppens signaloverføringssystem, og kan gje unormal stimulering eller hemming av signaloverføringa. Dette fører til sjukdom.

Unormal stimulering på grunn av autoantistoff har som mest kjente eksempel antistoffa som er retta mot reseptoren for thyreoidea-stimulerande hormon (TSH) på epitelcellene i skjoldbruskkjertelen, thyreoidea. Autoantistoffa 'tar då plassen' til det normale thyreoideastimulerande hormonet frå hypofysen, TSH. I motsetnad til hypofysehormonet TSH, er det ikkje noka aktiv fungerande reguleringsmekanisme for autoantistoffnivået. Thyreoideahormon-produksjonen vil derfor bli overstimulert og 'løpe løpsk', med overproduksjon av stoffskiftehormonet tyroksin. Resultatet er hyperthyreoid sjukdom, kalla Graves' sjukdom.

Unormal hemming av signaloverføringa på grunn av autoantistoff har som sitt mest kjente eksempel antistoffa som er årsak til sjukdommen myasthenia gravis. Desse er retta mot acetylkolin-reseptoren på tverrstripa muskel der muskelen tek mot signal frå nerveendane (synapsen). Nerveendane overfører signala frå nerven til muskelen ved å sette fri signalstoffet acetylkolin som bind seg til reseptoren på muskelcellene. Autoantistoffa mot acetylkolinreseptoren på muskelen blokkerer bindinga av acetylkolin, og dei fører også til skade på reseptoren, slik at signaloverføringa frå nerven bli hemma. Muskelen vil derfor bli dårleg stimulert til å trekke seg saman, og den vil vere svak og fort bli utmatta.

Tabellen nedanfor syner nokre døme på tilstandar med type II-reaksjon:

Antigen Effekt Sjukdom
Streptokokk cellevegg-antigen som kryssreagerer med hjartemuskel Antistoffmediert betennelse Giktfeber (revmatisk feber)
Thyreoidea-stimulerande hormon (TSH)-respetoren på thyreoidea-epitel Uregulert stimuleringa av skjoldbruskkjertelen (thyreoidea) med for stor produksjon av stoffskiftehormon Hypertyreose (Graves' sjukdom)
Acetylkolinreseptoren på tverrstripa muskelceller Blokkering av transmitter-substansen acetylkolin, nedregulering og skade på acetylkolinreseptoren Myasthenia gravis med muskelsvakheit og unormal trøttbarheit
Intrinsic factor frå parietalceller i mageslimhinna Nøytralisering av intrinsic factor, dårleg absorpsjon av vitamin B 12 Pernisiøs anemi
Erytrocytt membranantigen (Rh-systemet og andre) Opsonisering av erytrocyttar, med fagocytose og hemolyse Hemolytisk anemi
Membranprotein på blodplater (GPIIb, GPIIIa (platefaktor 4 (PF4)) Opsonisering og fagocytose av blodplater; anti-PF4 indusert av vektorbaserte covid-19 vaksiner (Johnson & Johnson, Astra-Zeneca) Trombocytopeni og blødning; trobocyttaktivering med disseminert trombedanning
Protein i koblingane mellom epitelcellene i huda (epidermalt cadherin) Antistoffmediert aktivering av proteinspaltande enzym (proteasar), brot i koblingane mellom hudcellene Blemmer (bullae) i huda, pemfigus vulgaris
Ikkje-kollagent protein i basalmembranen i nyrer og lunger Komplementaktivering og Fc-reseptormediertbetennelse på grunn av antistoff mot basalmembranprotein Goodpasture's syndrom

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg