Trekongemøtet
Kong Christian X av Danmark, kong Gustav V av Sverige og kong Haakon VII av Noreg møttest i Malmö i desember 1914.
Av /Agence Rol.
Gustav V av Sverige, Haakon VII av Noreg og Christian X av Danmark på trekongemøte i Oslo i 1917.

Trekongemøte er ei nemning frå nyare tid på møte mellom dei nordiske kongane og utanriksministrane deira, for å understreke nøytralitetspolitikken under første og andre verdskrigen.

Det første trekongemøtet gjekk føre seg i Malmö i desember 1914, mellom Gustav 5. av Sverige, Haakon 7. av Noreg og Christian 10. av Danmark. Dette vart følgt opp av fleire ministermøte, før det vart halde eit nytt kongemøte i Kristiania i november 1917. I oktober 1939 møttest dei tre kongane og president Kyösti Kallio av Finland i Stockholm.

Trekongemøta skapte ein ny giv for skandinavismen, og ut av samarbeidet voks mellom anna Foreningen Norden for økonomisk og politisk samarbeid.

Møta på 1900-talet hadde ein historisk bakgrunn i eit møte mellom skandinaviske kongar i mellomalderen.

Trekongemøta på 1900-talet

Det første trekongemøtet

fyrste verdskrigen braut ut sommaren 1914, hadde den norske utanriksministeren Nils Ihlen møtt den svenske, Knut Wallenberg, og inngått avtale om ikkje å utnytte hendingane til å føre krig mot kvarandre. Opphavleg hadde Wallenberg arbeidd for ein allianse, men den norske regjeringa ville berre gå med på forhandlingar som føresette nøytralitet.

Kongemøtet i Malmö 18.‒19. desember 1914 viste at dei tre skandinaviske landa delte målet om nøytralitet. Møtet var også ei tilnærming mellom Noreg og Sverige etter unionsoppløysinga. Det var første gong Haakon 7. besøkte landet etter at han var vald som norsk konge. Forhandlingane gjekk føre seg mellom ministrar og embetsmenn, som deretter drøfta utfallet med monarkane sine. Kongane forlét møtet den første dagen.

Emna som vart drøfta på Malmö-møtet, handla om folkerett og handelspolitikk, og følgde Haag-konvensjonen frå 1907. Mellom anna tok ein opp krav frå krigførande makter om at transittgods ikkje skulle ende opp i ikkje-nøytrale land, og moglege tiltak for å utveksle meldingar om førespurnader frå krigførande land. Forhandlingane gav til gjengjeld få handfaste utfall, utover ei biletleg framsyning av skandinavisk nøytralitet.

Møta i København og Kristiania i 1916

Trass i mål om å halde fram forhandlingane tok det òg lang tid før det kom i stand nye møte. 9.‒11. mars 1916 vart det halde eit nytt treriksmøte i København, med både stats- og utanriksministrane til stades. I mellomtida hadde dei skandinaviske landa opplevd å få fleire skip senka og tvangsavlasta av både England og Tyskland. Skandinavisk tilnærming var derfor ein måte å vege opp for trugsmål mot nøytralitetslinja på. Usikre forhold rundt transitthandel og kontrabandetrafikk gjennom svenske område hadde samtidig skapt vanskelege forhold for samnordiske forhandlingar.

Eit svensk ønske om å ta på seg ei meklarrolle mellom dei krigførande landa møtte dessutan norsk og dansk motstand. Det svenske ønsket om ein aktiv nøytralitetspolitikk vende tilbake i seinare møte, utan å få utløp, og verka utmattande på det nordiske samarbeidet. Etter ein trå start på København-møtet klarte ein likevel å innleie forhandlingar om behandling av transittgods og sjøgrensene.

København-møtet skapte dermed håp om betre samarbeid mellom dei skandinaviske landa, og eit nytt ministermøte vart planlagt. Møtet vart halde i Kristiania 19. september same året. Her vart det mellom anna drøfta nærare samarbeid med andre nøytrale land. Ei viktig sak under møtet var ein førespurnad frå ententemaktene om å stengje ute alle ubåtar frå krigførande makter, men dette vart avvist med tilvising til at dette ville truge den uhilda nøytraliteten.

Møtet i 1917

Eit fjerde møte fann stad i Stockholm 9.–11. mai 1917. I mellomtida hadde USA gått inn i krigen på ententemaktene si side. Det gjorde ei nøytral meklarrolle vanskelegare. Det vart dermed semje om å utsetje arbeidet for eit større drøftingsmøte for nøytrale makter. Handelspolitikk og økonomisk samarbeid spela derfor den største rolla på møtet.

Statsoverhovuda hadde ikkje vore til stades på dei tre møta sidan desember 1914. I 1917 ønskte Gustav 5. å besøkje Noreg, for å vise at unionsoppløysinga ikkje stod i vegen for svensk-norsk tilnærming. Eit planlagt ministermøte i København tidlegare på hausten hadde vorte utsett grunna svensk regjeringskrise, og i staden vart det halde eit nytt møte med monarkane til stades i Kristiania 28.–29. november. Kongeleg nærvær gav møtet større offentleg merksemd, men møtet må sjåast som ein del av rekkja av ministermøte under krigen.

Forhandlingane i Kristiania vart førte meir rett på sak enn dei tidlegare møta. Den norske forhandlingsviljen var større etter at USA og Storbritannia det siste halvåret hadde innskrenka varebytet med nøytrale makter, som truga norsk forsyning av mat og brensel. Landa vart einige om å halde nøytraliteten ved lag til det ytste og samarbeide for betre nordisk vareutveksling. Dei vart òg einige om å arbeide for fredssamarbeid mellom nøytrale statar etter krigen, i regi av Den interparlamentariske unionen.

Ministermøtet i 1918

Eit sjette ministermøte vart så halde i København 26.–28. juni 1918. I mellomtida var det inngått importavtalar med USA og Storbritannia som førte til handelsforbod med Tyskland – såkalla bransjeavtalar. Viktige tema var derfor igjen samarbeid mellom nøytrale statar etter krigen og tilskipinga av eit større mellomstatleg fredsmøte. Då det var teikn til at krigen gjekk mot slutten, følgde derimot ikkje dei andre nøytrale landa ‒ Spania, Nederland og Sveits ‒ opp det nordiske initiativet.

Funksjonen til møta og den vidare utviklinga

Ministermøta under fyrste verdskrigen skapte eit forum for nordisk samhandling under krigen, og det viktigaste var kanskje at dei viste indre nordisk avspenning og fred. Noko varig politisk samarbeid etter krigen førte dei ikkje til, men dei skapte ein ny giv for skandinavismen. Ut av samarbeidet voks mellom anna Foreningen Norden, for økonomisk og politisk samarbeid. Arbeidet for mellomstatleg nøytralitetssamarbeid førte også fram til opprettinga av Folkeforbundet i 1919.

andre verdskrigen braut ut i 1939, søkte dei nordiske statsoverhovuda å atterreise nøytralitetsverksemda frå 1914‒1918. Sidan 1930 hadde det mellomstatlege fredsarbeidet vore i tilbakegang, og Münchenavtalen i 1938 uthola folkeretten vidare. Det vart halde møte mellom skandinaviske utanriksministrar, mellom anna for å diskutere forslaget frå den norske utanriksministeren Halvdan Koht om at Folkeforbundet måtte ta gå inn for å løyse stridane etter at Tyskland hadde angripe Tsjekkoslovakia.

Møtet i 1939

23. september 1939 vart det halde eit møte mellom dei skandinaviske stats- og utanriksministrane i København, for å diskutere stillinga utanriks. Gustav 5. inviterte så til nytt trekongemøte i Stockholm 18.‒19. oktober, denne gongen med den finske presidenten Kyösti Kallio til stades. Møtet skulle stadfeste nordisk nøytralitet og sikre nytt samarbeid. Det tilbakevendande spørsmålet om samarbeid med andre nøytrale land vart også diskutert denne gongen.

Deltakinga frå den finske presidenten skulle dessutan styrkje stillinga til Finland, som i desse åra var truga av sovjetisk utviding. I løpet av møtet gav den svenske statsministeren derimot melding om at dei ikkje kunne støtte noko finsk forsvar, i frykt for å sjølv hamne i krig med Sovjetunionen. 30. oktober, berre ein dryg månad etter firemaktsmøtet i Stockholm, gjekk Sovjetunionen til angrep på Finland.

Den finsk-sovjetiske vinterkrigen varsla det første nederlaget for den nordiske nøytralitetslinja. Noreg stod samtidig i fare for å møte det same påtrykket frå England som under første verdskrigen. Som mottrekk gjekk Tyskland til åtak på Noreg 9. april 1940 (Operasjon Weserübung), ei krigshandling som gjekk gjennom danske område. Nøytraliteten var dermed tapt for tre av dei nordiske aktørane på firemaktsmøtet i Stockholm.

Historisk bakgrunn

Dei moderne møta hadde eit historisk føredøme i trekongemøtet i Konghelle i 1101, mellom norske Magnus Berrføtt, svenske Inge Stenkilsson den eldre og danske Erik Eigegod. Dette møtet må sjåast i lys av at den danske og norske stillinga i England var svekt, og at svenskane vende seg vestover. For Noreg sin del var det den gongen viktig å sikre grensa ved Göta älv mot svensk og dansk utviding. Dette møtet var såleis ein lovnad om fred mellom rika og semje om samla nøytralitet mot andre statar.

Frå 1100-talet av auka det fredelege mellomstatlege samarbeidet i Norden, men det første hundreåret var kjenneteikna av krig. I første halvdel av 1100-talet kom Sverige til å hærsetje og ta over det vestgøtiske område. Dette styrkte den svenske maktstillinga mot Noreg og Danmark, som førte til at dei norske og danske rika gjekk saman for å hindre vidare svensk utviding. Frå 1130 kom dei nordiske landa til å verte herja av borgarkrigar.

Det danskstøtta styret til Magnus Erlingsson i Noreg frå 1161‒1184 skapte så ei ny dansk maktstilling kring Oslofjorden. Motstanden Sverre Sigurdsson reiste mot styret til Magnus, vart derfor støtta av den svenske kongemakta. Innblandinga frå dei ulike rika skapte eit ustødig forhold som heldt fram til den norske statsstyrkinga under Håkon Håkonsson i 1220-åra. Trekongemøtet i 1101 hadde såleis varsla at dei nordiske rika vende krigsmakta si mot kvarandre. Eit fredeleg utfall av møtet kunne ein i første rekkje sjå i meir diplomati på sikt.

Trekongemøta står i ein lengre arv av forhandlingar mellom dei tre rika i nord, med samnordisk fred og tilnærming som mål. Avspenninga i høgmellomalderen kunne ein berre sjå på lengre sikt, medan møta på 1900-talet skapte varig samhald og fred, sjølv om det til slutt vart umogleg å hindre mellomstatleg innblanding utanfrå.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg