trekktvang
Svart er i trekktvang. Det er svart sin tur til å flytte, men alle dei moglege trekka vil gjere svart si stilling dårlegare, då kongen ikkje lenger vil kunne forsvare den svarte bonden.
Av /Lichess.
Lisens: Gnu FDL

Trekktvang er i sjakk ein situasjon der ein spelar flytte ein brikke, men der alle moglege trekk forverrar stillinga. I internasjonal sjakk er fenomenet kjend som zugzwang. Ordet zugzwang er tysk og tyder nettopp trekktvang.

Me nyttar ordet mest i samband med sjakk, men trekktvang kan òg oppstå i andre spel der spelarane gjer trekk annankvar gong.

Trekktvang i sjakk

Det er mest vanleg at trekktvang oppstår i sluttspelet (den siste fasen av sjakkpartiet). Med få brikker og færre moglege trekk aukar sjansen for at det skjer. Å hamne i trekktvang kan i verste fall tape partiet. Difor finst det teori om fenomenet. Profesjonelle sjakkspelarar er naturlegvis medvitne på å nytte trekktvang mot motstandaren – og unngå å hamne i det sjølv.

Eit døme

I diagrammet er svart i trekket, men diverre i trekktvang. Ho har fem moglege trekk. Desse er å flytte kongen til felta markerte med grøne sirklar. Her og nå forsvarar den svarte kongen den svarte bonden på d5. Sidan alle fem trekka tar bort dette forsvaret, er svart i trekktvang. Uansett kva svart gjer vil den kvite kongen i neste trekk kunne ta den svarte bonden.

Etter å ha slått ut bonden er det ei enkel sak for kvit å vinne. Dette er såleis eit døme på at trekktvangen tapar partiet (så sant ikkje kvit gjer ein bukk).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg