Artikkelstart
Tre i kraft tyder at noko gjeld, blir gyldig.
Tre i kraft tyder at noko gjeld, blir gyldig.
Når ein lov eller forskrift blir vedteken, så vedtek ein ofte samtidig når lova eller forskrifta skal tre i kraft, altså når ho gjeld frå.
Nokon gonger vedtek Stortinget at lova skal tre i kraft straks, men det typiske er at dei vedtek at lova skal tre i kraft på eit gitt tidspunkt eller frå den tida Kongen i statsråd avgjer.
Til eksempel
Om ein norsk lov ikkje inneheld eigne reglar om dette, trer loven i kraft éin månad etter at ho er kunngjord i Norsk Lovtidend.
I folkeretten er det ein lengre prosess frå avtalar og konvensjonar blir vedtekne til dei trer i kraft. Det typiske er at eit visst antall land må ratifisere og dermed bli part til avtalen før avtalen trer i kraft. Gjennom ratifikasjon blir staten folkerettsleg forplikta til å overhalde dei pliktane som følgjer av den aktuelle avtala.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.