Det kyrilliske alfabetet
Transkripsjon av den russiske versjonen av det kyrilliske alfabetet til norsk.
Det kyrilliske alfabetet
Lisens: CC BY SA 3.0

Transkripsjon er overføring av tale til lydskrift, eller av ein tekst frå eit skriftsystem til eit anna, til dømes frå kyrillisk til latinsk skrift.

Faktaboks

Etymologi
frå latin av trans-, ‘over, gjennom’ og scribere, ‘skrive’

Transkripsjon vert òg brukt om musikalsk arrangement for eit anna instrument enn det komposisjonen eigentleg er skriven for.

Mellom alfabet/skriftsystem

Når ein transkriberer til latinske bokstavar er det vanleg å bruke ein transkripsjon som gjev eit tilnærma rett bilete av uttala i det framande språket. Einskildbokstavane ш og ч i russisk vert til dømes attgjevne på norsk med sj og tsj, i engelsk med sh og ch, i fransk med ch og tch, i tysk med sch og tsch, i svensk og dansk med sj og tj. For andre skriftsystem har det skjedd ei viss internasjonal samordning, til dømes for kinesisk, der den såkalla pinyin-transkripsjonen avløyser eldre nasjonale transkripsjonssystem.

Med translitterasjon meiner ein ei omskriving bokstav for bokstav, slik at originalen kan rekonstruerast i detalj. Translitterasjon vert fyrst og fremst brukt i vitskaplege samanhengar. I translitterasjon heiter til dømes det russiske fyrstenamnet Potëmkin (eller Potemkin; russisk Потёмкин eller Потемкин), i transkripsjon Potjomkin eller, endå meir fonetisk, Patjomkin.

For transkripsjon av enkelte alfabet og skriftsystem, sjå artiklane om vedkomande språk.

Innan musikk

Transkripsjon er eit musikalsk arrangement for eit anna instrument enn det komposisjonen eigentleg er skriven for.

Uttrykket er òg brukt om notasjon av framført, munnleg overlevert musikk (i folkemusikk, jazz med meir).

Genetikk

Transkripsjon, syntese av RNA med DNA som templat. Transkripsjonen er prosessen der informasjonen i arvestoffet vert avlesen og overførd til ulike klassar RNA-molekyl.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg