Trandeimssølje er ei sølje med heil botnplate og dekor av frittliggjande, ikkje pålodda, filigransranker.

Faktaboks

Også kjend som
tønjomssølje, tønjoms-sølje, trandeims-sølje

Sølja er kjend frå slutten av 1700-talet og vert brukt i øvre Telemark og deler av Setesdal. Sølja er antageleg opprinneleg utanlandsk men det er uvisst korleis ho hamna i Telemark.

Rikard Berge skreiv i boka Norsk Bondesylv at det var to gullsmedar i «Skottetoget», dei skotske leigetroppane som reiste gjennom Noreg på veg til Sverige under Kalmarkrigen 1611-1613. Det vart sagt at to av skottane slo seg ned i øvre Telemark og at ein av dei var gullsmed.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg