Trance er ein musikksjanger tilhøyrande elektronisk dansemusikk (EDM) med røter frå Tyskland og Europa tidleg på 1990-talet. Sjangeren henta i byrjinga inspirasjon frå rave-fenomenet, samt house- og technomusikk, og kan kjenneteiknast ved utstrakt bruk av synthmelodiar, trommevirvlar og raskt tempo.

Faktaboks

Uttale

træns

Etymologi

engelsk

Historie

Trancesjangeren vart til i Tyskland på byrjinga av 90-talet som eit etterspel av ravefenomenet i Storbritannia, kombinert med inspirasjon henta frå house og techno. Frankfurt blir rekna som fødebyen til trance. Sjangeren vart etterkvart spesielt populær i Europa. Sjangeren kom nokså tidleg til Noreg og eit av dei største trance-arrangementa i ein norsk kontekst var Hyperstate i Oslo, arrangert for første gang i 1995.

Det kommersielle høgdepunktet til trance blir rekna til slutten av 90-talet og tidleg på 2000-talet. Fleire reknar ‘What Time Is Love (Pure Trance 1)’ av KLF frå 1988 som den første trancelåten. Vidare er også ‘We Came in Peace’ (1990) av den tyske duoen Dance 2 Trance og ‘The Age Of Love (Watch Out for Stella Remix)’ (1992) av Jam & Spoon viktige referansepunkt.

På byrjinga av 2000-talet vart sjangeren noko mindre synleg, iallfall i mainstreammarknaden. Trance har seinare og etter 2020 fått ein ny oppsving, der ein også elles i populærkulturen ser fleire referansar til 90-talet. Det finst i dag eit mangfald av store trancefestivalar rundt om i verda.

Stilistiske kjenneteikn

Som sjangernamnet foreslår, er funksjonen og målet til mykje trancemusikk å skape ein oppløftande, emosjonell og transeliknande tilstand som kan minne om ekstase og eufori.

Stilistisk er musikken prega av mykje bruk av synthtema og trommevirvlar. Tempoet er nokså raskt og held seg mellom 125 og 150 slag per minutt. Trance består av mange musikalske løft og byggingar som blir gjort gjennom såkalla ‘breakdowns’ og ‘build-ups’ som er både lange og kraftige samanlikna med korleis desse seksjonane er forma i andre EDM-sjangrar.

Ein typisk trancelåt vil ha ei vokallinje sunge av ein kvinneleg vokalist i eit høgt toneleie, og ofte med ein emosjonelt lada tekst. Synthane brukt i trancemusikk er kjenneteikna ved å bestå av insisterande og massive lydar. Desse blir satt saman med eit såkalla four-to-the-floor-trommemønster med ukompliserte rytmar. Ideelt sett skal dette i lag med synthane skape ein repeterande og suggerande, transeliknande effekt.

Trancescena har, og er til dels framleis, prega av kvite mannlege utøvarar, særleg samanlikna med andre klubbsjangrar som house og techno.

Sentrale DJ-ar innan trancefeltet er Tiësto, Armin van Buuren, Paul van Dyk og Paul Oakenfold.

Relaterte sjangrar

Trance har fleire element til felles med sjangrane house, techno og rave, og trance har, som sine beslekta EDM-sjangrar, også mange underkategoriar. Nokre av dei mest utbreidde subsjangrane er: ‘acid trance’, ‘progressiv trance’, ‘uplifting trance’, ‘goa trance’ og ‘hard trance’.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg