Tocotukan
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Tocotukan er ein fugl i tukanfamilien og ein av dei største spettefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ramphastos toco
Beskriven av
Statius Müller, PL, 1776

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang og veg rundt 650 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, jordbruksland, tropisk fjellskog, tørr savanne og fuktig tropisk buskmark. Tocotukan lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i tre og på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 15 dagar. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tocotukan
Ramphastos toco
Artsdatabanken-ID
178153

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg