Tibeto-burmanske språk er den eine hovudgreina av den sino-tibetanske språkfamilien, det vil seie alle sino-tibetanske språk bortsett frå dei sinittiske språka. Denne todelinga av den sino-tibetanske språkfamilien er omdiskutert, fordi ho aldri har blitt påvist med komparative lingvistiske metodar, men dei fleste forskarar forkastar ho likevel ikkje.

Faktaboks

Uttale
tibˈeto-burmˈanske språk

Greina omfattar mellom 300 og 400 språk som blir tala av nærmare 70 millionar menneske som bur i eit samanhengande område frå Tibet i nord til Malaysia i sør, frå Pakistan i vest til Vietnam i aust. Om lag halvparten av dei som talar tibeto-burmanske språk, talar burmesisk. Det nest største språket er tibetansk. 24 språk har over ein halv million talarar, og andre relativt kjende språk er newari, lisu og bodo.

Intern klassifikasjon

Det er inga allmenn semje om kor mange undergrupper – og kva for undergrupper – den tibeto-burmanske språkgreina har. Inndelinga under er ikkje særskilt kontroversiell, men somme forskarar slår saman nokre av undergruppene:

  1. Himalayisk (bodisk) – kring 65 språk i Himalaya-området, mellom anna tibetansk.
  2. Vest-himalayisk – 14 mindre kjende språk.
  3. Mahakiranti – 40 språk i Nepal.
  4. Nord-Assam-språk – kring 30 språk i den indiske delstaten Arunachal Pradesh og tilgrensande område i Bhutan og Kina.
  5. Hrusiske språk – tre små språk i Bhutan og den indiske delstaten Arunachal Pradesh.
  6. Bodo-konjak-dsjingpho – om lag 30 språk i Nepal, Nordaust-India, Sør-Kina og Myanmar (Burma).
  7. Kuki-tsjin-naga-språka – om lag 70 språk i Nordaust-India.
  8. Qiang-gjalrong-språk – 12 språk i den kinesiske provinsen Sichuan.
  9. Nungiske språk – fire språk Nordaust-India, Sør-Kina og Nord-Myanmar.
  10. Karenske språk – 15 språk i Myanmar og Thailand; dei største er sgaw og pwo, begge med kring 1,5 millionar talarar.
  11. Lolo-burmesiske språk – 40 språk som blir tala av over 40 millionar menneske i Myanmar, Sør-Kina, Laos og Vietnam. Det største er burmesisk.

Ur-tibeto-burmansk

Den amerikanske språkforskaren James Alan Matisoff (f. 1937), ein av dei fremste forskarane på tibeto-burmansk, har sidan 1966 gjeve ut ei stor mengd artiklar og bøker om denne språkgruppa. Han har rekonstruert ur-tibeto-burmansk, språket som alle språka i gruppa stammar frå. Eit sentralt verk i denne samanhengen er Handbook of Proto-Tibeto-Burman. System and Philosophy of Sino-Tibetan Reconstruction frå 2003.

Ifølgje Matisoff hadde ur-tibeto-burmanske ord éi staving, med denne strukturen:

  • (Kprefiks) – (Kprefiks) – [K (L) V]rot – (Ksuffiks) – (ssuffiks)

Dette tyder at ordet hadde ei rot som bestod av éin konsonant (K) følgd av ein kort eller lang vokal (V), eventuelt med ein likvid eller halvvokal (L) imellom. Føre rota kunne det stå eitt eller to prefiks, som begge bestod av éin konsonant. Etter rota kunne det stå eitt eller to suffiks; det første bestod av éin konsonant, det siste var [s].

Eit døme på eit rekonstruert ur-tibeto-burmansk ord er *s-ŋwa-t 'stjerne, måne'.

Det er usikkert om ur-tibeto-burmansk hadde tonem.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg