tenestemål

Artikkelstart

Tenestemål var eit omgrep som vart nytta i mållova om hovudmålforma til eit lokalt eller regionalt statsorgan. Tenestemålet skulle nyttast i rundskriv, kunngjeringar og informasjonsmateriell som desse statsorgana lagde. Reglane var fastsette i lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) og i forskrifta til lova.

Faktaboks

Også kjent som

bokmål tjenestemål

Etter mållova § 5 kunne ein kommune gjere vedtak om å krevje bokmål eller nynorsk i skriv frå staten. Tenestemålet til eit lokalt statsorgan var den målforma vertskommunen hadde gjort vedtak om etter § 5 i lova. Var vertskommunen språkleg nøytral, var også det lokale statsorganet språkleg nøytralt.

Tenestemålet til eit regionalt statsorgan var fleirtalsmålforma i tenestekrinsen til statsorganet. Var det inga fleirtalsmålform i tenestekrinsen, var det regionale statsorganet språkleg nøytralt. Reglar for utrekning av fleirtalsmålform fanst i mållova § 7. Til grunn låg målvedtaka i kommunane.

Av 428 kommunar (2015) hadde 158 kommunar kravd bokmål og 113 nynorsk i skriv frå staten. 157 var språkleg nøytrale. Nynorsk var fleirtalsmålform i fire fylke: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Bokmål var fleirtalsmålform i ni fylke. Seks fylke hadde ikkje fleirtalsmålform og var språkleg nøytrale: Oslo, Telemark, Aust-Agder, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Troms.

«Tenestemål» blir stundom forveksla med nemninga «administrasjonsmål». Administrasjonsmål er den målforma ein kommune eller fylkeskommune vedtek å bruke i sin eigen administrasjon. Det er oftast, men ikkje alltid, samsvar mellom administrasjonsmålet og den målforma kommunen har gjort vedtak om etter § 5 i mållova. Vedtak om kommunalt administrasjonsmål er ikkje vedtak etter mållova.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg