Teksting, undertekster, er omsetjing av dialogfilm og fjernsyn.

Denne forma for omsetjing står svært sentralt i den moderne mediekvardagen, og er blant dei mest lesne tekstene i vårt mediesamfunn.

Sjølv om slik teksting er ein variant av omsetjing, skil tekstinga seg heilt grunnleggjande frå vanleg omsetjing, der alt innhald så langt råd er skal førast over til eit anna språk.

Reduksjon og relevans

God teksting byggjer på to prinsipp – reduksjon og relevans. Tekstaren ska ikkje omsetja alt som blir sagt. Tvertom skal han korta ned, komprimera, så mykje som råd er, slik at sjåaren av filmen bruker minst mogeleg tid på å lesa.

På den andre sida er det heile tida viktig at tekstaren vurderer kva som er det absolutt viktigaste å ha med frå dialogen. Det er det som ligg i prinsippet om relevans.

Litteratur

  • Skrifta på skjermen. Høyskoleforlaget 2000.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg