teiebær

Teiebær, eller tågebær, er ei fleirårig urt i bjørnebærslekta i rosefamilien. Planta har krypande renningar, og rotfestar seg i bladfesta. Arten er vanleg på steina mark i heile landet.

Skildring

Teiebær er ei fleirårig urt som vert mellom 10 og 40 centimeter høg. Blomeskotta er opprette, og blada er 3-kopla. Blomane er kvite, radiærsymmetriske og 5-talige. Blomane sit ofte tre til ti saman i blomeskotta. Frukta som vert danna er ei raud samfrukt av steinfrukter.

Utbreiing

Teiebær finnes i Europa og i Asia på den nordlege halvkula. I Noreg er arten vanleg i heile landet opp til snaufjellet.

Dyrking og bruk

Steinfruktene vert nytta til som tilbehør til mat.

Systematikk

Nivå

Norsk namn

Vitskapeleg namn

Art

Teiebær

Rubus saxatilis

Slekt

Bjørnebærslekta

Rubus

Familie

Rosefamilien

Rosaceae

Orden

Rosales

Klasse

Tofrøblada planter

Dicotyledoneae

Rekke

Dekkfrøa planter

Angiospermae

Rike

Planteriket

Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg