Systemretta arbeid i skulen er å vektleggje konteksten rundt elevar og relasjonar eleven har til personar i omgjevnadane i arbeidet med å utvikle læringsmiljøet til elevane.

Medan ein på 1950-, 1960- og 1970-talet la vekt på faktorar i og rundt einskildelevar, har ein frå 1980-talet i større grad også inkludert faktorar i konteksten rundt elevane. Dette inneber at i systemretta arbeid vektlegg ein samspelet mellom faktorar knytt til eleven og faktorar knytt til konteksten rundt eleven.

Offentlege dokument

Det er ingen eintydig definisjon av systemretta arbeid, noko som dels har bakgrunn i at omgrepet vert nytta med noko ulikt utgangspunkt i offentlege dokument og i forskingslitteraturen. I offentlege dokument, som lovverket, stortingsmeldingar, rundskriv og læreplanar, gir systemretta arbeid som omgrep retningsliner for verksemda i barnehagar, skular og PPT.

Eit døme er rundskrivet «Systemrettet arbeid etter Opplæringsloven», kapittel 9a (Utdanningsdirektoratet, 2014) som gir retningsliner for korleis ein skal forstå skulen si plikt til systemretta arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik det er nedfelt i Opplæringsloven.

Definisjonar av systemretta arbeid i offentlege dokument kan tolkast både snevert og vidt, noko som inneber at det kan eksistere ulike tolkingar innan pedagogiske og spesialpedagogiske fagmiljø.

Forsking og fagleg arbeid

I forskingslitteraturen byggjer ein gjerne forståinga av systemretta arbeid på systemteori og utviklingsøkologisk teori. Utviklingøkologiske teori vert gjerne lagt til grunn både i forsking og i praktisk utøving av systemretta arbeid i skulen.

I tråd med desse teoretiske perspektiva vil systemretta arbeid legge til grunn ei forståing av at barn, unge og vaksne inngår i ulike system som står i forhold til kvarandre. Ein vektlegg òg korleis dei sosiale systema har innverknad på elevane si psykososiale utvikling. I Noreg har Erling Roland vist korleis ein kan forstå klassa som eit sosialt system med læraren som leiar. Her inkluderer han óg rolla og påverknaden familiane til elevane kan ha på relasjonar innan klassa. Både i førebyggande arbeid og i tiltak for å styrke læringsmiljøet til elevane vektlegg ein i tråd med desse perspektiva både den sosiale konteksta som heilskap og dei einskilde elevane.

Ein kan òg sjå systemretta arbeid som systematisk arbeid retta mot skulen eller barnehagen for å forbetre kvaliteten på tilbodet til elevane og barna gjennom planlagt endring. Ei slik planlagd endring må rettast både mot dei sosiale systema og mot dei meir strukturelle systema i organisasjonen. Denne forståinga av systemretta arbeid foreinar langt på veg perspektiv på systemretta arbeid slik det vert omtalt i offentlege dokument og dei forskingsforankra perspektiva.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brofenbrenner, U. (1979). The ecology of human development : experiments by nature and design. . Cambrigde: Harvard University Press.
  • Bronfenbrenner, U. (2005). Making human beings human: bioecological perspectives on human development. . Thousand Oaks: Sage Publications.
  • Roland, E. (1998). Elevkollektivet (2. ed.). Stavanger: Rebell Forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg