Synkretisme er eit samanfall i uttale og/eller skrift mellom bøyingsformer som normalt er forskjellige i eit språk. Eit eksempel er norsk hus, som er både ubunden eintal og ubunden fleirtal.

Faktaboks

Uttale
synkretˈisme
Etymologi

av gresk sunkrētismós (συγκρητισμός) 'samband, union', danna av súnkratos (σύγκρατος) 'samanblanda'

Ein brukar ordet synkretisme først og fremst når samanfallet er systematisk, slik at det finst i større klassar av ord. På nynorsk er dei fleste inkjekjønnssubstantiv like i ubunden eintal og ubunden fleirtal – som hus og eple – mens nesten alle hankjønns- og hokjønnssubstantiv er forskjellige, som bil og bilar eller jente og jenter.

Vi brukar ikkje termen synkretisme når eit skilje alltid har falle saman, så det berre fanst på ein tidlegare historisk stadium av språket. Til dømes kan vi ikkje seie at det er synkretisme mellom nominativ, akkusativ, dativ og genitiv i norsk, for kasusbøyinga har blitt heilt borte.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg