syklon

Artikkelstart

Syklon er det same som lågtrykk. Ordet vert òg brukt som ei upresis nemning på ulike typar stormar, til dømes tropisk lågtrykk.

Faktaboks

Uttale
syklˈon
Etymologi
til syklus av gresk kyklos (‘ring’)

Syklon vert ofte nytta for å omtale eit stort, spiralforma vindsystem omkring eit lågtrykksområde. Vindretninga i ein syklon er ein spiral innover mot lågtrykket. Vindretninga er mot klokka på den nordlege halvkula og med klokka på den sørlege. Syklonar oppstår og forflyttar seg over heile jorda med unntak av eit belte langs ekvator.

Tropisk syklon

Tropiske syklonar oppstår over hav der overflatetemperaturen er minst 26,5° C og krefter som skriv seg frå jordrotasjonen (corioliskrefter) samtidig kan få stor nok verknad. Slike område finn ein i to belte mellom om lag 5–6 og 15 breiddegrader nord og sør for ekvator. Ein tropisk syklon har ein diameter på om lag 100–500 km, og han følgjer ei bane mot høgare breidder medan han slaknar i styrke.

Ein tropisk syklon kan føre til store skadar når han går innover land. Når snittfarten på vinden i ein tropisk syklon kjem over 117 km/t, blir han i Atlanterhavet og aust i Stillehavet kalla ein tropisk orkan. I Indiahavet blir tropiske syklonar kalla nettopp syklonar, medan dei vest i Stillehavet blir kalla tyfonar eller taifunar.

Ekstratropisk syklon

Kverveldanningar i tempererte soner, som i Europa, blir kalla ekstratropiske syklonar. Desse har ei utstrekning frå om lag 1000 til 4000 km og blir danna frå bølgjerørsler i skiljet mellom varme og kalde luftmassar, den såkalla polarfronten. Dei er normalt ikkje så kraftige som tropiske syklonar.

Polar syklon og subtropisk syklon

Andre typar syklonar er polare syklonar og subtropiske syklonar. Dei sistnemnde deler nokre av eigenskapane til både ekstratropiske syklonar, tropiske syklonar og syklonar som oppstår i samband med kraftige torevêr, som tornadoar. Eit vindsystem som roterer rundt eit høgtrykk, kallar ein antisyklon. Der rører lufta seg motsett, der spiralen går ut frå trykksentrumet, og er vanlegvis svakare enn i ein syklon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg