Faktaboks

swahili

kiswahili

Språkkodar
sw, swa (SW, SWA)
ISO-639:3
swa

Swahili er eit bantuspråk som er utbreitt som hjelpespråk for nærmare 100 millionar menneske over store delar av det austlege og sentrale Afrika, i tillegg til delar av Somalia, Uganda, Den demokratiske republikken Kongo, Malawi, Mosambik, Madagaskar og Komorane. Det blir rekna som det viktigaste afrikanske lingua franca. Swahili er offisielt språk i Tanzania, Kenya og Uganda. På swahili heiter språket kiswahili.

Dei som har swahili som førstespråk (morsmål), bur stort sett i ei smal kyststripe frå det sørlege Somalia i nord, via Kenya og Tanzania til det nordlege Mosambik i sør samt på nokre øyar utanfor kysten, som Lamu, Pemba og Zanzibar (swahili Unguja). Det er svært uvisst kor mange som talar swahili som førstespråk; talet varierer i litteraturen frå kring éin million og opp til nær 15 millionar.

Ordet swahili kjem av arabisk sawāħil (سَوَاحِل), fleirtal av sāħil (سَاحِل) 'kyst'. På swahili har dette ordet alltid eit prefiks som viser kva genus det høyrer til:

  • Ki-swahili 'språket swahili'
  • M-swahili 'person som høyrer til swahilifolket'
  • Wa-swahili 'personar som høyrer til swahilifolket'

Klassifisering

Swahili er eit bantuspråk og høyrer heime i undergruppa sabakispråk, som også mellom anna omfattar ilwana, pokomo og mijikenda. Sabakispråka høyrer historisk heime i det nordaustlege hjørnet av den bantuspråklege delen av Afrika. Dei har namnet sitt etter den kenyanske elva Sabaki.

Bantuspråka er ikkje ein språkfamilie, men ei undergruppe i ein stor språkfamilie. Litt forenkla kan ein seie at bantuspråka utgjer ei grein av dei bantoide språka, som igjen er ei grein av benue-kongo-språka, som så er ei grein av den store afrikanske språkfamilien niger-kongo-språka.

Historie

For 1500 år sidan blei swahili tala berre i nokre små samfunn kring munningen til Tana-elva ved den nordlege kysten av Kenya.

På 800-talet byrja swahilitalande sjøfarande handelsfolk å spreie seg langs kysten av Aust-Afrika. På 1100-talet hadde det vakse fram mange swahilispråklege bysamfunn, som Mogadishu, Lamu, Malindi, Mombasa, Pemba, Zanzibar og Kilwa. Swahilifolket dominerte handelen langs den austafrikanske kysten fram til rundt 1500.

Frå 1498 – året då Vasco da Gama vitja Mombasa – og utover på 1500-talet etablerte portugisarane seg fleire stader langs den austafrikanske kysten, og swahili tok opp nokre få lånord frå portugisisk, men dei utgjer berre i underkant av to prosent av lånorda i swahili.

På 1700- og 1800-talet auka den arabiske og muslimske påverknaden med handelsfolk frå Oman. Det arabiske alfabetet blei teke i bruk for å skrive swahili. Dei eldste kjende manuskripta på swahili i arabisk skrift er frå tidleg på 1700-talet. På denne tida tok swahili opp mange lånord frå arabisk, og dei utgjer kring 80 prosent av lånorda i swahili. Det er ei utbreidd men feilaktig førestilling at swahili er eit slags blandingsspråk. Swahili har ikkje fleire lånord frå arabisk enn norsk har frå nedertysk. Både i fonologi, grammatikk og ordtilfang (ordforråd) er swahili eit heilt vanleg bantuspråk.

Kring år 1800 begynte swahilispråklege herskarar, først og fremst på Zanzibar, å sende handelskaravanar til det indre av Aust-Afrika og det som no er Den demokratiske republikken Kongo. Mellom dei viktigaste varene var elfenbein og slavar. Denne handelen gjorde swahili kjent i det indre av Aust-Afrika.

På 1880-talet byrja den europeiske kolonialismen i Aust-Afrika, ved at tyskarane og britane oppretta såkalla «protektorat», tysk Schutzgebiete. På denne tida var swahili etablert som eit viktig lingua franca i Aust-Afrika, og stillinga til språket blei ytterlegare styrkt ved at tyskarane tok det i bruk i skuleverk og administrasjon i Tanganyika. Det var på slutten av 1800-talet at ein byrja å skrive swahili med det latinske alfabetet.

Etter første verdskrig fekk Storbritannia kontrollen over heile Aust-Afrika og innførte swahili i grunnskular og lågare administrasjon over heile området. Då Uganda, Kenya, Tanganyika og Zanzibar blei sjølvstendige tidleg på 1960-talet, blei swahili offisielt språk ved sida av engelsk. I Tanzania blei swahili einaste offisielle språk frå 1984.

Det er ein god del dialektal variasjon i swahili. På 1920-talet begynte arbeidet med å utvikle eit einskapleg, standardisert skriftspråk, som byggjer på dialekten i Zanzibar by (Jiji la Zanzibar). I 1930 blei det oppretta ei språknemnd for swahili, med medlemer frå Uganda, Kenya, Tanganyika og Zanzibar.

Swahili har i dag ein internasjonal status som ingen andre afrikanske språk.

Grammatikk

Genus

Eit typisk drag ved substantivet i swahili – som i andre bantuspråk og mange niger-kongo-språk i det heile – er eit stort genus-system. I mange grammatikkar brukar ein nemninga klasse i staden for genus.

Swahili har ti genus. I dei fleste tilfelle viser prefikset kva genus eit substantiv har. I eksempla under er prefikset skilt ut med ein bindestrek som ikkje blir brukt i vanleg rettskriving. Legg òg merke til at ikkje alle substantiv har eit prefiks:

  • Genus I: m-tu 'menneske', fleirtal wa-tu; m-toto 'barn', fleirtal wa-toto; m-geni 'gjest', fleirtal wa-geni
  • Genus II: m-ti 'tre', fleirtal mi-ti; m-chai 'tebusk', fleirtal mi-chai; m-guu 'fot, bein', fleirtal mi-guu
  • Genus III: ji-cho 'auge', fleirtal ma-cho; tunda 'frukt', fleirtal ma-tunda; kanisa 'kyrkje', fleirtal ma-kanisa
  • Genus IV: ki-tu 'ting', fleirtal vi-tu; ki-dole 'finger, tå', fleirtal vi-dole; ki-tabu 'bok', fleirtal vi-tabu
  • Genus V: ng'ombe 'ku', fleirtal ng'ombe; mbwa 'hund', fleirtal mbwa; meza 'bord', fleirtal meza
  • Genus VI: u-limi 'tunge', fleirtal n-dimi; u-huru 'fridom' (manglar fleirtal); u-gali 'graut' (manglar fleirtal); U-dachi 'Tyskland'
  • Genus VII: ku-soma 'å lese'; ku-penda 'å elske'; ku-ona 'å sjå'

Ein kan gjere nokre generaliseringar om tydinga til substantiv i dei ulike genusa. Genus I blir ofte omtalt som persongenuset, fordi så å seie alle substantiv i dette genuset viser til menneske. Genus II er meir samansett semantisk, men her finn vi dei fleste ord for tre og buskar samt ord for avlange treliknande ting. Også genus III er relativt blanda, men her finn vi mellom anna ord for små, runde ting, som frukt og auge. Genus IV blir ofte kalla tinggenuset. I genus V høyrer dei fleste substantiv for dyr heime, men også mange andre, mellom anna mange lånord. I genus V finn ein mellom anna ord for abstrakte omgrep, for nokre massar og dei fleste land. Genus VII er infinitiv.

Swahili kan lage nye substantiv ved å endre genuset. Frå m-toto 'barn' i genus I kan ein danne u-toto 'barndom' i genus VI.

I ein nomenfrase kongruerer adledda med substantivet, som vist i desse døma, der -dogo er stamma til adjektivet som tyder 'liten' og huyu og hawa er demonstrativ i genus I eintal og fleirtal:

  • m-toto m-dogo huyu 'dette vesle barnet'
  • wa-toto wa-dogo hawa 'desse små borna'

I nomenfrasen kjem som regel hovudet (overleddet, kjernen) først, her m-toto 'barn' / wa-toto 'born'.

Verbet

Det meste av verbbøyinga skjer med prefiks. Finitte former av verbet har – bortsett frå i imperativ – eit subjektprefiks som viser genus og tal (numerus) ved subjektet, i tillegg til tid (tempus) (bindestrekane er ikkje ein del av vanleg rettskriving):

  • m-toto a-na-som-a 'barnet les'

Subjektprefikset a- kongruerer med eit substantiv i eintal i genus I, og prefikset na- uttrykkjer notid (presens). I det følgjande eksempelet har vi tempusprefikset li-, som uttrykkjer fortid (preteritum):

  • wa-toto wa-li-som-a 'borna las'

Verbet kongruerer med objektet når det er bunde (bestemt), som i eksempel 2 nedanfor, der objektsprefikset ki- kongruerer med eit substantiv i eintal i genus IV:

  1. m-toto a-na-som-a ki-tabu 'barnet les ei bok'
  2. m-toto a-na-ki-som-a ki-tabu 'barnet les boka'

Verbet kan ha ulike avleiingssuffiks, som står føre det finale vokalsuffikset, her -a. Suffikset -w uttrykkjer passiv, og preposisjonen na står føre agensleddet, som vist i denne setninga, der subjektsprefikset ki- kongruerer med eit substantiv i eintal i genus IV og prefikset li- uttrykkjer fortid (preteritum):

  • ki-tabu ki-li-som-w-a na m-toto 'boka blei lesen av barnet'

Med avleiingssuffikset -e (når stammevokalen er e eller o) eller -i (når stammevokalen er i, a, eller u) dannar ein eit verb som krev eit ekstra setningsledd som uttrykkjer kven handlinga skjer til fordel eller ulempe for. Det blir kalt eit applikativsuffiks:

  • mw-alimu a-li-wa-som-e-a wa-toto 'læraren las for borna'

Verbforma a-li-wa-som-e-a har subjektprefikset a- (genus I i eintal), preteritumprefikset li-, objektsprefikset wa- (genus I i fleirtal), stamma -som- 'lese', applikativsuffikset -e og det finale verbsuffikset -a.

Når ei norsk setning har pronomen som subjekt og/eller objekt, brukar swahili berre verbprefiks:

  • ni-ta-ki-som-a 'eg skal lese ho'

Subjektsprefikset ni- 'eg' er følgt av futurumprefikset ta- og objektsprefikset ki- (genus IV eintal), til dømes i kongruens med ki-tabu 'bok'.

Fonologi

I swahili endar alle stavingar på ein vokal, i tillegg til at konsonanten m kan utgjere ei staving aleine når han står rett føre ein annan konsonant. Fremst i ei staving står det ingen, éin eller to konsonantar, der den andre konsonanten alltid er w.Her er orda i setninga kitabu kilisomwa na mtoto 'boka blei lesen av barnet' delt i stavingar, med eit punktum mellom kvar staving:

  • ki.ta.bu ki.li.so.mwa na m.to.to

Trykket ligg alltid på den nest siste stavinga i ordet, her merkt med ˈ:

  • ki.ˈta.bu ki.li.ˈso.mwa na m.ˈto.to

I motsetnad til dei fleste andre bantuspråk har ikkje swahili tonem.

Swahili har dei fem vokalane /i e a o u/, ortografisk i, e, a, o, u, utan motsetnad mellom korte og lange vokalar.

Språket har 36 konsonantar. Her er dei, men den ortografiske representasjonen i parentes:

labial dental alveolar postalveolar dorsal glottal
m (m) - n (n) ɲ (ny) ŋ (ng') -
mb (mb) - nd (nd) ɲʤ (nj) ŋɡ (ng) -
ɓ (b) - ɗ (d) ʄ (j) ɠ (g) -
p (p) - t (t) ʧ (ch) k (k) -
pʰ (p) - tʰ (t) ʧʰ (ch) kʰ (k) -
mv (mv) - nz (nz) - - -
f (v) θ (th) s (s) ʃ (sh) x (kh) -
v (f) ð (dh) z (z) - ɣ (gh) h (h)
w (w) - l (l) - j (y) -
- - r (r) - - -

Mb, nd, nj, ng, mv og nz er prenasalerte enkeltkonsonantar, ikkje konsonantgrupper. Til dømes må ordet ng'ombe 'ku' analyserast i to stavingar slik: /ŋo.mbe/.

Legg merke til at b, d, j og g er implosivar.

Skiljet mellom dei aspirerte /pʰ tʰ ʧʰ kʰ/ og dei uaspirerte /p t ʧ k/ kjem ikkje fram i rettskrivinga, ved at dei blir skrivne på same måten: p t ch k.

Konsonantane th, dh, kh og gh finst berre i lånord, først og fremst frå arabisk, som til dømes desse:

  • theluji /θeluʄi/ 'snø', frå arabisk t̲alj /θalʤ/ (ثَلج) 'snø'
  • ghadhabu /ɣaðabu/ 'sinne', frå arabisk ġaḍab /ɣadˤab/ (غَضَب) 'sinne'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg