Suksesjon i tre år etter skogbrann
I nordlege barskogar brenn skogen under naturlege forhold med jamne mellomrom. Biletet viser sekundærsuksesjon høvesvis eitt, to og tre år etter ein brann.
Geitrams
Geitrams er ein næringskrevjande art som ofte koloniserer område i ein periode etter brann. Det engelske namnet fireweed kjem av dette.
Geitrams
Lisens: CC BY SA 3.0

Suksesjon er eit følgje av plante- og dyreartar på ein lokalitet gjennom tid. Eit plantesamfunn blir forandra over tid ved at nye artar konkurrerer ut dei som var etablerte der tidlegare. Denne endringa kan gå raskt eller langsamt, alt etter levetida til planteartane.

Faktaboks

Uttale

suksesjˈoːn

Etymologi
frå latin successio ‘etterfølging’, av succedere ‘gå inn under; følgje etter’; sjå suksedere

På nydanna mark, til dømes etter tilbaketrekking av ein isbre, finn ein primærsuksesjon stad. Etablerte plantesamfunn kan gå gjennom sykliske endringar med sekundærsuksesjonar, til dømes etter fleire rundar med brann.

I nordlege barskogar brenn skogen under naturlege forhold med jamne mellomrom. På brannflatene etablerer næringskrevjande urter som geitrams seg, og etter kvart spirer ulike lauvtreartar opp. Det første samfunnet som blir etablert der ny mark er tilgjengeleg, blir kalla pionersamfunn.

Endå seinare kjem bartrea inn, og etter hundre til to hundre år kan det igjen vera rein barskog på lokaliteten. Barskogen utgjer her eit klimakssamfunn.

På strandvollar blir miljøet sett tilbake til utgangspunktet kvar haust eller vinter ved at kraftige stormar rotar til tangvollar og strender. Her startar den same suksesjonen på nytt kvart år.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg