styrkeløft (kongepokalvinnarar)

Artikkelstart

Kongepokalen i styrkeløft blir kvart år delt ut til utøvaren i NM med best resultat omrekna i poeng. Vedkommande blir då rekna som den beste utøvaren i meisterskapet uavhengig av vektklasse.

Kongepokalen for menn har vore delt ut sidan 1984. I kvinneklassen har kongepokalen vore delt ut sidan 1988. Det må vere minst 15 utøvarar som kjempar om pokalen, for at han skal bli delt ut.

Inger Blikra frå Rana er den utøvaren som har teke flest kongepokalar. I perioden frå 1999 til 2011 vann ho kongepokalen totalt ni gongar. På herresida har tre utøvarar teke fire kongepokalar. Det er Børge André Øvrebø frå Sandnes, Asbjørn Randen frå Oslo og Kjell Egil Bakkelund frå Brumunddal.

År Menn Kvinner
1984 Gunnar Østby -
1985 Kjell Johansen -
1986 Kjell Johansen -
1987 Sturla Davidsen -
1988 Knut Johansen Audhild Hansen
1989 Svend Ødegård Karlsen Audhild Hansen
1990 Kjell Kaspersen -
1991 Børge André Øvrebø Beate Amdahl
1992 Børge André Øvrebø Beate Amdahl
1993 Børge André Øvrebø Beate Amdahl
1994 Børge André Øvrebø Beate Amdahl
1995 Roy Brandtzæg Beate Amdahl
1996 Roy Brandtzæg Ingjerd Pytte Sagli
1997 Sturla Davidsen Anne Sigrid Stiklestad
1998 Carl Olav Christoffersen Anne Sigrid Stiklestad
1999 Erik Stiklestad Inger Blikra
2000 Carl Olav Christoffersen Inger Blikra
2001 Erik Stiklestad -
2002 Carl Olav Christoffersen -
2003 Roy Brandtzæg -
2004 Jørn Høyset Inger Blikra
2005 Frode Rui Inger Blikra
2006 Asbjørn Randen Inger Blikra
2007 Asbjørn Randen Inger Blikra
2008 Asbjørn Randen Inger Blikra
2009 Asbjørn Randen Synnøve Lund
2010 Tor Herman Omland Inger Blikra
2011 Tor Herman Omland Inger Blikra
2012 Carl Yngvar Christensen Heidi Hille Arnesen
2013 Kjell Egil Bakkelund Tutta Kristine Hanssen
2014 Carl Yngvar Christensen Marte Elverum
2015 Kjell Egil Bakkelund Marte Elverum
2016 Stian Walgermo Eline Jørgensen
2017 Hans Magne Bårtvedt Marte Elverum
2018 Kjell Egil Bakkelund Marte Elverum
2019 Kjell Egil Bakkelund Maria Letnes
2020 Ingen vinnar* Ingen vinnar*

* Noregsmeisterskapet vart avlyst på grunn av koronapandemien.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg