Musca domestica

Musca domestica, stor husfluge. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Musca domestica

Musca domestica, stor husfluge. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Stor husfluge er ein insektart i ordenen tovingar og familien møkkfluger (Muscidae). Arten er nær knytt til menneskas bustadar og fjøs, særleg grisefjøs, og finnast i heile den tempererte sona over store delar av Jorda. Arten er rekna som eit skadedyr fordi dei kan spreie bakteriar, særleg i mat og mellom husdyr.

Faktaboks

Også kjend som
stueflue
Vitskapeleg namn
Musca domestica
Beskriven av
Carl von Linné, 1758

Beskriving

Husfluger er 6–9 millimeter lang, mørkt gråfarga med raudaktige augo og med fire svarte lengdestriper på ryggsida til forkroppen. Bakkroppen er lys brunraud på undersida, med utydelege gule parti på sidene hjå hannen. Hannar har òg meir tettsitjande augo enn hoene har. Kropp og bein er kledd med hår og børstar. Ved hjelp av klistra fotputer på undersida av føtene kan husfluga bevege seg på loddrette vegger eller under taket. Den lever i om lag 3–5 veker om sumaren.

Slekta Musca, som stor husfluge høyrer til, omfattar mange særs snarlike artar og særleg i landbruket kan det vera vanskeleg å vita om det er stor husfluge eller nærskylde artar det dreier seg om (til dømes kufluge Musca autumnalis). Stor husfluge skil seg imidlertid frå alle andre Musca-artar gjennom å ha mørke hår i innsøkket på propleuron (første sideplate på mellomkroppen).

Formering

Ei stor husfluge legg inntil 150 egg av gongen, særleg i gjødsel. Forfedrane til stor husfluge ser ut til å ha vore spesialistar på hestemøk, men etter at arten fann saman med menneske har dei blitt generalistar som kan nyttegjera seg av mange ulike former for møk, kloakk og matavfall. I løpet av si levetid kan ei hoe av stor husfluge leggje 600–3000 egg. Utviklinga frå egg til fluge går gjennom tre hudskifte (larvestadier) og eit puppestadium; kor raskt dette skjer er avhengig av temperaturen, men ved 35 °C tek det i underkant av sju døgn.

Føde

Vaksne husfluger søkjer føde i stall og fjøs, på bosdyngjer, i opne klosett, på matvarer, i mjølkebehaldarar og liknande. Normalt opptek den berre flytande næring gjennom den korte sugesnabelen, men han kan løyse opp til dømes sukker med spyttet sitt. Husfluga pleier ofte å forete seg og kastar då opp igjen ein del av føda. Oppkast og ekskrement dannar dei såkalla «flugeflekkene» som finst overalt kvar flugene opptrer.

Larva lever av møk og matavfall.

Smittespreiing

Husfluga er ein potensiell farleg spreiar av sjukdomsframkallande bakteriar, men forsøk tyder på at mengda bakteriar ei fluge avset på mat, berre i få tilfelle er nok til å framkalle sjukdom i Nord-Europa. Under dårlege hygieniske forhold kan dei derimot vera eit folkehelseproblem, og dei kan òg spreie smitte mellom husdyr og vera eit problem i landbruket.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

stor husfluge
Musca domestica
Artsdatabanken-ID
26405
GBIF-ID
1524843

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg