Stjerneteikn (Stjernetegn)
.
Dyrekretsen

I Vesten har interessa for astrologi blomstra litt opp igjen, ikkje berre som middel til å spå om framtida, men også som reiskap i rådgiving og alternativ terapi. New Age og alternativbevegelsen tolkar gjenoppblomstringa til astrologien som eit teikn på ei generell oppvakning og høgning av medvitsnivået i samfunnet. Ifølgje astrologien har menneska gått inn i Vassmannens tidsalder – ein tidsalder som skal vere prega av syntese og heilskap.

Dyrekretsen
Av /Shutterstock.

Stjerneteikn er eit omgrep som innanfor spådomskunsten astrologi blir brukt om kvart av dei tolv stjernebileta i Dyrekrinsen. Ut ifrå posisjonen ulike planetar, stjerner og andre himmellekamar hadde på eit bestemt tidspunkt og ståstad, meiner astrologar at dei kan lage eit bilete av korleis menneske sine personlegdommar, talent, ressursar og moglegheiter har blitt påverka av desse himmellekamane.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål stjernetegn

Fødselsdatoen avgjer kva stjerneteikn ein er fødd i. Astrologar meiner at dette stjerneteiknet, fødestad og himmellekamane si plassering på fødselstidspunktet har innverknad på mennesket.

I astronomien frå oldtida vart ekliptikken inndelt i tolv delar som Sola, Månen og planetane flytta seg gjennom i løpet av året. Kvar del à 30° fekk namn etter stjernebileta i Dyrekrinsen. I oldtida fall himmelteikn og stjernebilete saman. På grunn av presesjon (ei langsam endring i retninga til Jordas rotasjonsakse), er stjerneteikna no forskove slik at til dømes Vêrens stjerneteikn ligg i stjernebiletet Fiskane.

Vestleg astrologi

Stjerneteikn
/Shutterstock/Store norske leksikon.

Moderne vestleg astrologi har grunnlaget sitt i prinsippa frå den egyptiske astronomen Klaudios Ptolemaios i år 140 evt., og er dermed baserte på det antikke, geosentriske verdsbiletet (det ptolemeiske verdsbiletet).

Himmellekamane som er av astrologisk betydning, er Sola, Månen, planetane (minus Jorda) og dei rundt 150 synlege stjernene i Dyrekrinsen. Stjernene har blitt inndelte i tolv stjerneteikn som har fått namn etter Dyrekrinsens orientalsk-greske stjernebilete. På norsk heiter dei Vêren (Væren), Tyren, Tvillingane (Tvillingene), Krepsen, Løva (Løven), Jomfrua (Jomfruen), Vekta (Vekten), Skorpionen, Skyttaren (Skytten), Steinbukken, Vassmannen (Vannmannen) og Fiskane (Fiskene).

Sola, Månen og planetane (med unntak av Pluto) beveger seg alltid innanfor Dyrekrinsen, og deira posisjonar i Dyrekrinsen, og i forhold til kvarandre, blir sagt å avgjere naturen på alle gitte tidspunkt.

Dyrekrinsen

Dyrekrinsen er ei sone på himmelkula med 18° breidde. Det er 9° på kvar side av ekliptikken, også kalla dyrekrinslinja. Sola, Månen og dei store planetane beveger seg alltid innanfor dette beltet, som er markert av tolv stjernebilete, der sju av desse har dyrenamn, av dette kjem namnet Dyrekrinsen.

I astrologi er stjernebileta i Dyrekrinsen knytte til dei tolv stjerneteikna.

I eldre tider vart ekliptikken inndelt i tolv like store delar på 30° kvar, kalla himmelteikn eller Dyrekrinsens teikn. Ein himmellekams lengd vart markert med talet på grader innanfor eit bestemt teikn. Teikna har same namn og er gitt i same orden som dei tolv stjernebileta som ligg langs ekliptikken.

Dyrekrinsen er av babylonsk opphav, men overlevert oss gjennom grekarane. I byrjinga hadde ein berre nokre få himmelteikn, men etter kvart auka talet, og han fekk truleg den endelege tolvdelinga si på 500-talet før vår tidsrekning (fvt.).

I oldtida fall himmelteikn og stjernebilete saman. På grunn av presesjon (ei langsam endring i retninga til Jordas rotasjonsakse), er stjerneteikna no forskovne slik at til dømes Vêrens teikn ligg i stjernebiletet Fiskane.

Dei tolv stjerneteikna

Opplistinga under viser kva karaktertrekk, kjønn, temperament, element og herskarplanet kvart av dei tolv stjerneteikna ifølgje astrologiske førestillingar skal representere.

Vêren

Vêren
  • Nynorsk: Vêren
  • Bokmål: Væren
  • Latin: Aries

Vêren (latin Aries, bokmål Væren) er rekna frå cirka 21. mars til 20. april.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Mars
Karakter: leiande
Kjønn: mannleg
Temperament: kolerisk
Element: ild
Nøkkelord: vilje, energi

Tyren

Tyren
  • Norsk: Tyren
  • Latin: Taurus

Tyren (Taurus) er rekna frå cirka 21. april til 21. mai.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Venus
Karakter: fast
Kjønn: kvinneleg
Temperament: melankolsk
Element: jord
Nøkkelord: fasthet, verdiar

Tvillingane

  • Nynorsk: Tvillingane
  • Bokmål: Tvillingene
  • Latin: Gemini

Tvillingane (latin Gemini, bokmål Tvillingene) er rekna frå cirka 22. mai til 21. juni.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Merkur
Karakter: bevegeleg
Kjønn: mannleg
Temperament: munter
Element: luft
Nøkkelord: allsidig, kommunikasjon

Krepsen

Krepsen
  • Norsk: Krepsen
  • Latin: Cancer

Krepsen (Cancer) er rekna frå cirka 22. juni til 22. juli.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Månen
Karakter: leiande
Kjønn: kvinneleg
Temperament: flegmatisk
Element: vatn
Nøkkelord: mottakelegheit, følsemd

Løva

Løva
  • Nynorsk: Løva
  • Bokmål: Løven
  • Latin: Leo

Løva (latin Leo, bokmål Løven) er rekna frå cirka 23. juli til 23. august.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Sola
Karakter: fast
Kjønn: mannleg
Temperament: kolerisk
Element: ild
Nøkkelord: kreativitet, autoritet

Jomfrua

Jomfrua
  • Nynorsk: Jomfrua
  • Bokmål: Jomfruen
  • Latin: Virgo

Jomfrua (latin Virgo, bokmål Jomfruen) er rekna frå cirka 24. august til 23. september.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Merkur
Karakter: bevegeleg
Kjønn: kvinneleg
Temperament: melankolsk
Element: jord
Nøkkelord: systematisering, analyse

Vekta

Vekta
  • Nynorsk: Vekta
  • Bokmål: Vekten
  • Latin: Libra

Vekta (latin Libra, bokmål Vekten) er rekna frå cirka 24. september til 23. oktober.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Venus
Karakter: leiande
Kjønn: mannleg
Temperament: munter
Element: luft
Nøkkelord: harmoni, kontakt

Skorpionen

Skorpionen
  • Norsk: Skorpionen
  • Latin: Scorpio
Skorpionen
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Skorpionen (Scorpio) er rekna frå cirka 24. oktober til 22. november.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Pluto, Mars
Karakter: fast
Kjønn: kvinneleg
Temperament: flegmatisk
Element: vatn
Nøkkelord: sjølvopphalding, lidenskap

Skyttaren

Skyttaren
  • Nynorsk: Skyttaren
  • Bokmål: Skytten
  • Latin: Sagittarius
Skyttaren
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Skyttaren (latin Sagittarius, bokmål Skytten) er rekna frå cirka 23. november til 21. desember.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Jupiter
Karakter: bevegeleg
Kjønn: mannleg
Temperament: kolerisk
Element: ild
Nøkkelord: ekspansjon, visjon

Steinbukken

Steinbukken
  • Norsk: Steinbukken
  • Latin: Capricorn
Steinbukken
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Steinbukken (Capricorn) er rekna frå cirka 22. desember til 20. januar.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Saturn
Karakter: leiande
Kjønn: kvinneleg
Temperament: melankolsk
Element: jord
Nøkkelord: ambisjon, konsentrasjon

Vassmannen

Vassmannen
  • Nynorsk: Vassmannen
  • Bokmål: Vannmannen
  • Latin: Aquarius
Vassmannen
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Vassmannen (latin Aquarius, bokmål Vannmannen) er rekna frå cirka 21. januar til 18. februar.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Uranus, Saturn
Karakter: fast
Kjønn: mannleg
Temperament: munter
Element: luft
Nøkkelord: originalitet, ubundenskap

Fiskane

Fiskane
  • Nynorsk: Fiskane
  • Bokmål: Fiskene
  • Latin: Pisces

Fiskane (latin Pisces, bokmål Fiskene) er rekna frå cirka 19. februar til 20. mars.

Eigenskap Tillagt verdi
Symbol:
Herskarplanet: Neptun, Jupiter
Karakter: bevegeleg
Kjønn: kvinneleg
Temperament: flegmatisk
Element: vatn
Nøkkelord: intuisjon, universalitet

Les meir i Store norske leksikon

Urania's Mirror
Plansjar frå Urania's Mirror
Av /Wellcome Collection.
Lisens: CC BY 2.0

Kommentarar (2)

skreiv Frode Hansen

Hvorfor varierer start/sluttdatoene for stjernetegnene fra kilde til kilde (snl - Wikipedia - ulike atrologipublikasjoner)? Er datoene variable og hvorfor eller absolutte? Hvilke kilder og datoer er da de korrekte og hvorfor?

svarte Jostein Riiser Kristiansen

Hei! Ettersom astrologi ikke er en astronomisk vitenskap, er det vanskelig å svare på hvilke datoer som er korrekte. Områdene som stjernebildene i dyrekretsen dekker, er i dag veldefinerte av den Internasjonale astronomiske union. Hvilke datoer som samsvarer med hvilke stjernetegn, er basert på når Sola befinner seg innenfor de ulike områdene på himmelen. Men disse periodene avhenger på grunn av bevegelser i solsystemet (som også er nevnt i artikkelen), i tillegg til at sola ikke befinner seg like lenge innenfor hvert stjernetegn. Nøyaktig hvilke datoer som velges i slike tabeller, er derfor menneskelige valg. Da er det vanskelig å si at noen datoer er «riktige».

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg