Steppevipe
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Steppevipe er ein middels stor vadefugl i lofamilien og har naturleg utbreiing i Midtausten, Asia, Russland og Aust-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Vanellus gregarius
Beskriven av
(Pallas, 1771)

Vaksne hannar veg rundt 250 gram og hofuglane rundt 210 gram.

Arten er knytt til temperert grasmark, tørr tropisk grasmark, temperert ørken, dyrkbar mark og salte, brakkeeller alkaliske sjøar. Steppevipe lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 29 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

steppevipe
Vanellus gregarius
Artsdatabanken-ID
154953

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg