Stempelmerke var eit papirmerke med angitt verdi for innkrevjing av avgift. Stempelmerket blei limt på ei vare eller eit dokument for å vise at det var betalt banderoleskatt eller stempelavgift til staten. Stempelmerke blei avskaffa i Noreg i 1975.

Varer som mellom anna tobakkspakkar og radioapparat blei utstyrte med stempelmerke, og det same blei avgiftspliktige dokument, som sidan 1975 er underlagde dokumentavgift.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg