Stor steinsprangblokk

Ei stor skredblokk har dundra ned dalsida i Bøverdalen, Innlandet og stoppa rett før fylkesveg 55.

Stor steinsprangblokk
Lisens: CC BY SA 3.0

Steinsprang er utfall av blokker frå bratte fjellveggar og skrentar. Ved steinsprang fell blokker gjerne i fritt fall ned til foten av skrenten der dei treffer eit skrånande terreng og sprett, hoppar og rullar vidare nedover skråninga.

Prosess

Steinsprang Årdal 3. desember 2009

Desse store blokkene hoppa lenger enn til enden av ura. Den blokka som gjekk lengst stoppa 110 m nedanfor urfoten og rett før det grøne huset. Legg merke til nedslagskrateret bak den næraste blokka.

Steinsprang Årdal 3. desember 2009
Lisens: CC BY SA 3.0

Enkeltblokker og stein kan bli avløyste frå fjellvegger og skrentar som er brattare enn 45°. Avhengig av kor bratt fjellsida er vil blokkene gå i fritt fall, hoppa og spretta eller rulla nedover fjellsida. Ved kraftig kollisjon mot fjellsida kan blokkene også bli knuste og flogstein (steinsprut) kan bli slynga ut frå dalsida i stor fart.

Utløysing

Fordeling av steinsprang i 2021, data skredatlas NVE

Vanlegvis er det flest steinsprang i mars/april og oktober-desember. I 2021 kom det flest i februar og mars.

Fordeling av steinsprang i 2021, data skredatlas NVE
Lisens: CC BY SA 3.0

Den viktigaste utløysingsårsaka til steinsprang er frostsprenging.

I Noreg førekjem flest steinsprang om våren og hausten når temperaturen svingar rundt frysepunktet. Spesielt ofte skjer steinsprang i månadane februar, mars og april. Vatnet i sprekkar i fjellet frys til is og utvidar sprekkane. Når isen smeltar, fell blokker ned.

Steinsprang blir også utløyst under regnvêr og snøsmelting når vatn trengjer ned i sprekkar og reduserer friksjonen, eller frå trerøter som veks ned i sprekkar og utvidar seg.

Rekkevidde

Steinsprang stoppar som regel opp ved foten av fjellsida. For å finna kor langt eit steinsprang kan gå nedover i ei dalside, kan ein estimera siktevinkelen α (alfa). Siktevinkelen er vinkelen til ei rett line i frå den ytste posisjonen som steinspranget kan nå og opp til det høgste punktet for utfallet i fjellveggen. For fjellsider mellom 100 og 350 meters høgde er siktevinkelen α større eller lik 31°. For fjellsider mellom 350 og 650 meters høgde er siktevinkelen α større eller lik 35°.

Ein kan òg bestemme siktevinkelen med α–β-metoden, og formelen er funnen frå analysar av norske steinsprang. β (beta) er vinkelen i frå eit punkt i dalsida der terrenget flatar ut til 23° og opp til det høgste losneområdet.

Profil av steinsprangbane

Blokker og stein blir utløyste frå skrentar, hamrar og fjellveggar brattare enn 45°. Blokker og steinar fell, hoppar og rullar nedover, dei fleste stoppar nede i ura. Enkelte blokker kan rulla eller spretta lengre enn til enden av ura. Den maksimale rekkevidda som eit steinsprang kan få kan estimerast med α–β-metoden.

Profil av steinsprangbane
Lisens: CC BY SA 3.0

Avsetjingar

Steinsprangkjegle (ur) i Votedalen
Steinsprangkjegle (ur) i Votedalen
Av .

Stein og blokker frå steinsprang har normalt skarpe kantar. Utfall av blokker frå hamrar og skrentar vil kunne samla seg i kløfter og skar, og nedanfor desse vil stein og blokker bli avsette i ei ur. Ei slik ur er kjegleforma med eit klart rotpunkt øvst oppe og breier seg ut nedover som ei vifte. Dersom blokkene fell ned frå ein langsgåande skrent utan markerte kløfter og skar, endar blokkene opp i ei samanhengande ur langs fjellfoten. Steinane og blokkene vil fordela seg nedover ura etter størrelsen, dei største blokkene vil oftast nå lengst.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • NGI (2014). Skred – skredfare og sikringstiltak: Praktiske erfaringer og teoretiske prinsipper. Universitetsforlaget.
  • Furseth, Astor (2006). Skredulykker i Norge: En historisk dokumentar om de mest alvorlige leirskred, snøskred og fjellskred som har rammet oss de siste 500 år. Tun Forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg