Eit trinn kan vi enkelt seia er å flytta tyngda frå ein fot til ein annan. Meir presist er det perioden frå ein fot tek over tyngda frå ein annan fot og til ein frå denne foten fører tyngda over på andre foten. Når vi ser på dans, vil vi ofte oppleva fotarbeidet som ei oppattaking av faste periodar på eitt eller fleire trinn. Desse periodane kallar vi steg. Bytomfotsteget har såleis tre trinn, gåsteget har eitt trinn.

Stega ordnar vi etter kor mange trinn dei har og brukar også nemningar som eitt-trinnssteg, totrinnssteg, tretrinnssteg og firetrinnssteg. Desse nemningane fortel oss kor mange trinn steget har, men vi treng tilleggsopplysningar for å vita presis korleis steget vert utført, for det finst mange ulike slag av både eitt-, to-, tre- og firetrinnssteg. Ein tilleggsopplysing er då kva svikt som blir brukt, vi har symbol for trinntypar etter kva svikt som blir brukt: S-trinnSs-trinn og T-trinn er dei vanlegaste.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg