Stamme er i grammatikken det som står att når ein fjernar bøyingsaffiksa frå eit ord.

Faktaboks

Etymologi

av stamme 'del av eit tre som bind saman rota og greinene'

Tabellen under viser at dei norske verba kaste og kjøpe har stammene kast- og kjøp-.

- KASTE KJØPE
stamme kast- kjøp-
infinitiv kast-e kjøp-e
presens kast-ar kjøp-er
preteritum kast-a kjøp-te
perfektum partisipp kast-a kjøp-t
imperativ kast kjøp

Det finst bøyingsformer utan bøyingsaffiks, slik at stamma utgjer eit ord aleine. Den norske imperativen er eit eksempel på dette, som kast og kjøp.

Sterke verb manglar som regel også bøyingsaffiks i presens (på nynorsk) og preteritum (på nynorsk og bokmål), som vist med to nynorske verb:

- BRYTE SKRIVE
stamme bryt- / braut- / brot- skriv- / skreiv-
infinitiv bryt-e skriv-e
presens bryt skriv
preteritum braut skreiv
perfektum partisipp brot-e skriv-e
imperativ bryt skriv

Tabellen viser òg at mange ord (leksem) har fleire stammer, som når verbet bryte har stammene bryt-, braut- og brot-. Skilnadene på desse stammene følgjer som regel faste mønster som ein finn i mange verb.

Den indre oppbygginga av ei stamme

Ei stamme inneheld ein eller fleire morfar. Dersom stamma berre inneheld éin morf, er dette ei rot. Dette gjeld alle stammene som er omtala i førre avsnitt.

Viss stamma inneheld to eller fleire morfar, er ein av morfane ei rot og resten avleiingsaffiks. Tabellen nedanfor viser to verb, vake og vakne. Stamma i vake inneheld berre ei rot, vak-, mens stamma i vakne inneheld rota vak- pluss avleiingsaffikset -n:

- VAKE VAKNE
stamme vak- vak-n-
infinitiv vak-e vak-n-e
presens vak-er vakn-ar
preteritum vak-te vak-n-a
perfektum partisipp vak-t vak-n-a
imperativ vak vak-n

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg