Stadnamnlova er ei norsk lov som har som formål å verne stadnamn som kulturminne og å gi felles reglar for skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om stadnamn
Kortnamn
Stadnamnlova
Forkorting
stadnl.
Også kjend som

stedsnavnloven

Vedteken
18.5.1990
Tredd i kraft
1.7.1991
Sist endra
1.6.2021
Lovdata-ID
NL/lov/1990-05-18-11

Fastsetjinga av skrivemåten for eit stadnamn skal etter lova ta utgangspunkt i den nedarva lokale uttalen. Ein skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk og bruke dei skriftformene som passar best med dialektuttalen. Sjølve namnevalet er ikkje underlagt lova. Lova gir òg reglar for kva for eit offentleg organ som fastset skrivemåten i dei enkelte tilfella. Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter reglane i lova, og vedtaket er meldt inn til Sentralt stadnamnregister (SSR) i Statens kartverk, skal alle offentlege organ bruke denne skrivemåten.

Kulturdepartementet utnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenske stadnamn. Sametinget utnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn. Stadnamntenesta skal gi rettleiing og komme med tilråding til vedtaksorganet ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn. Den norske og kvenske stadnamntenesta blir administrert av Språkrådet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg