Spøte er eit ord som i mange norske dialektar blir brukt om å strikke. Eit strikketøy blir då gjerne kalla eit spøt og ein strikkepinne ei spøte. Ordet er kjent i Telemark, Setesdal, kysten frå Agder til Sunnmøre og i Nordland.

Faktaboks

Etymologi

Verbet er laga etter ordet for strikkepinnen, ei spøte, frå norrønt spýta 'trepinne, trenagle'

Også kjend som

spyte, spite

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg