Stor panda
Pandaen er ein spesialist. Han et nesten utelukkande blad og unge skudd av bambus.

Ein spesialist er ein art som er særleg tilpassa snevre vilkår og ressursar og difor berre utnyttar eit spesifikt habitat og/eller ein eller nokre få typar mat. Det motsette av ein spesialist er ein generalist.

Faktaboks

Uttale
spesialˈist

Spesialistar har smale nisjer og vil difor ha vanskelegare for å tilpassa seg endringar i miljøet enn det generalistar har. Til dømes har pandaen spesialisert seg på å eta bambus. Om bambusskogen forsvinn vil livsgrunnlaget for arten òg forsvinna, ettersom pandaen ikkje har moglegheit til å skifta over til ein annan matressurs. Mange av artane på den norske raudlista er spesialistar. Til dømes er det registrert førti trua soppartar som berre finst i kalklindeskog.

Artar flest er korkje ekstreme spesialistar eller ekstreme generalistar, men ligg ein stad mellom desse to ytterpunkta.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg