Salami
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Salami
Salami. Ulike sortar.
Av /Matprat.

Spekepølse er eit tradisjonelt kjøtprodukt som blir framstilt ved fermentering og røyking av kverna kjøt eller innmat tilsett flesk/spekk, salt, sukker og krydder. Spekepølser finst i ulike typar som salami, fårepølse, stabburspølse og morr, og dei er laga med varierande råvarer og oppskrifter.

Pølsene blir ettermodna og tørka i klimalager i opptil fleire månader. Dei har relativt høg saltkonsentrasjon, låg pH og lågt vassinnhald, noko som gjer at produktet har lang haldbarheit.

Spekepølse inneheld som oftast mykje feitt. Feittinnhaldet i salamipølse er til dømes 35 prosent og energiinnhaldet 1660 kilojoule (400 kilokaloriar) per 100 gram.

Årleg blir det omsett cirka 9000 tonn spekepølse i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg