Sosiometrisk kartlegging er eit verktøy for å granske relasjonar mellom personar i ei gruppe, til dømes elevar i ei klasse. Metoden kan nyttast for å avdekkje grupperingar av elevar, elevar som fell utanfor klassefellesskapet, populariteten til einskildelevar og maktposisjonar elevar har i klassa. Informasjonen frå kartlegginga kan mellom anna nyttast som grunnlag for tiltaksarbeid med utgangspunkt i éin eller fleire elevar.

Formålet er å avdekkje gruppestrukturar, det vil seie det grunnleggjande nettverket av venskap og subgruppeorganisering. Ein kan nytte kartleggingsmetoden både i arbeid med heile klassa, enkeltelevar og mindre grupper. Relasjonen mellom kvar elev i forhold til gruppa som heilskap er ein annan type informasjon som kan verte avdekt gjennom eit sosiogram. Då kan ein nytte metoden for å avdekkje kva rolle og posisjon enkeltelevar har i ei klasse eller identifisere relasjonar ein elev ynskjer å ha til medelevar. Verdien av eit sosiogram ligg i potensialet læraren har for å få større forståing for relasjonar i gruppa slik at han/ho kan leie gruppa meir innsiktsfullt og utvikle gode læringsmiljø for kvar einskild elev.

Informasjon frå sosiometriske kartleggingar kan nyttast både i førebyggjande arbeid og som del av tiltaksrekkjer for å møte særlege behov hjå enkeltelevar eller grupper av elevar. I begge tilfelle ligg ei samla vurdering til grunn for val av tiltak. Tiltak kan til dømes vere retta mot styrking av læringsmiljøet i ei klasse, vidareutvikling av sosiale ferdigheiter hjå einskildelevar eller grupper av elevar, eller nettverksbyggjande tiltak både innanfor klassa og mellom heim og skule.

Kartleggingsmetoden er utvikla av Jacob Levy Moreno på 1920 og 1930-tallet. Seinare er metoden vidareutvikla og har hatt ei rekkje bruksområde, mellom anna avdekking av sosiale relasjonar mellom elevar i skuleklassar. På bakgrunn av at det er ulike bruksområde, har det òg vorte utvikla ulike variantar av sosiometrisk kartlegging.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg