Sosialt vakuum viser til ein situasjon der ei gruppe enno ikkje har danna eit sosialt grunnmønster av rutinar, strukturar, normer og verdiar. Medlemmene i ei gruppe manglar kunnskap om kva som er gjeldande normer i gruppa og har manglande førestillingar om fordelinga av posisjonar. Sosial samhandling skjer innanfor fleire sett av sosiale rammer. Ved etablering av ei ny gruppe vil det, i perioden før det sosiale grunnmønster vert etablert, vere det ein kan skildre som sosialt vakuum. Menneskeleg handling skjer ikkje uavhengig av konteksta og menneske som er i den.

Etablering av rutinar og strukturar

Eit døme er etablering av nye klasser i skulen. Etablering av sosiale grunnmønster skjer raskt i ei ny klasse eller når ei klasse får ein ny lærar. I ei ny klasse er verken relasjonar mellom elevane eller mellom lærar og elevar etablert. Sosiale mønster har ikkje etablert seg, og normene er uklare. Vegen frå sosialt vakuum til fasttømra strukturar er kort. Det vert raskt etablert rutinar og strukturar som indikerer kva åtferd og handling som vert forventa av elevane, kva som gir status, kven som vert lytta til, og kven som vert oversett, kven sine meiningar som gir gjennomslag, og kva gruppa set pris på. Det vert etablert leiarskap i gruppa.

Sosiale mønster kan vere positive eller negative. Etablering av sosiale grunnmønster i form av strukturar og rutinar skjer uavhengig av om ein planlegg det eller ikkje. Det dannar seg normer, vanar og uvanar. Perioden med sosialt vakuum kan læraren nytte målretta til å etablere sosiale grunnmønster som fremmar god samhandling og læring hos elevane. Såleis er den første tida i etablering av ei ny gruppe viktig.

Dei første hendingane er mykje meir kritiske for utviklinga av klassa enn det som skjer når mønstera er etablert. I starten er læraren klart den viktigaste personen i klassa. Det er læraren som får størst merksemd, og hans/hennar ord og handlingar vil i særleg grad være trendsettande for utviklinga av klassa. Det sosiale vakuumet gir høve til å styre den sosiale prosessen mot gode mønstre. Elevar som er proaktivt aggressive, eit trekk som har vist klar samanheng med å utøve mobbing, har rapportert at dei søker etter læraren sine svake punkt heilt frå første møte (Vaaland & Roland, 2013). Dei utfordrar læraren på leiarskapet i klassen. Dette illustrerer betydninga av at læraren frå første dag arbeider målretta med etablering av strukturar og rutinar for å utvikle effektiv klasseleiing som fremmar læringsmiljø som støttar elevane si utvikling.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Roland, E. (1998) Elevkollektivet. Stavanger: Rebell forlag.
  • Roland, E. & Vaaland, G.S. (2011) Klasseledelse og atferdsproblem . Stavanger. Senter for atferdsforskning.
  • Vaaland, G.S., & Roland, E. (2013). Pupil aggressiveness and perceptual orientation towards weakness in a teacher who is new to the class. Teaching and Teacher Education, 29(1), 177–187.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg