Solfaktor er det talet som opplyser om styrken til solkremen. Den oppgitte solfaktoren seier berre noko om vern mot ultrafiolette (UV) B-strålar frå sola. UVB-strålar er solstrålar med kort bølgjelengd og høg energi som kan gjere huda solbrend. Omtrent 90 prosent av UVB-strålane blir tekne opp i overhuda (epidermis). Overhuda reagerer med å frigjere kjemikaliar som gjer huda raud og hoven, noko som kjenneteiknar det å vere solbrend.
Faktaboks
- Også kjend som
-
solbeskyttelsesfaktor, sun protection factor, SPF
Alle solkremar på den norske marknaden skal òg innehalde ei viss grad av vern mot UVA-strålar. UVA-strålar har lengre bølgjelengd, lågare energi og går djupare ned i huda enn UVB. Der bidreg dei til utvikling av rynker.
Både UVB og UVA bidreg til utvikling av hudkreft, men det er UVB saman med talet på solforbrenningar som er sterkast knytt til utvikling av føflekkreft.
Kommentarar (2)
skreiv Mona Stensrud
Hei, det er fint om denne setningen endres slik at det står faktor 30 i stedet for 15:
Kreftforeningen anbefaler å bruke solkrem med minimum SPF 15.
Det må gjerne lenkes til kreftforeningen.no/Solvett
Vennlig hilsen Mona Stensrud, Kreftforeningen
svarte Synøve Kamøy
Hei, Mona! Tusen takk for at du la merke til dette - veldig viktig å få det riktig. Jeg retter på det med en gang. Takk også for godt tips til videre lenking. Beste hilsen, Synøve Kamøy, redaktør.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.