Engsoleie, plansje
.

Soleieslekta er ei planteslekt i soleiefamilien beståande av urter. Slekta inneheld omlag 600 artar, som finnes over heile kloda. I Noreg er fleire artar representert. Av desse finn me vidt utbreidde artar som engsoleie og krypsoleie og artar som er lista som nær trua på Artsdatabanken si raudliste, som issoleie og snøsoleie. Arten kjempesoleie er lista som sterkt trua i raudlista.

Faktaboks

Også kjend som
ranunkel
Vitskapeleg namn
Ranunculus
Beskriven av
Carl von Linné

Skildring

Urtene i soleieslekta har ofte handlappa blad og gule eller kvite blomar beståande av beger- og kronblad. Eit av dei viktigaste kjenneteikna ved slekta eir ei honninggrop ved grunnen av kronblada.

Utbreiing

Soleieslekta består av omlag 600 artar. Desse finnes utbredd over heile kloda, og finnes frå låglandet til alpine områder. Fleire av artane finnes i Noreg, mellom anna engsoleie, krypsoleie, dei nær trua issoleie og snøsoleie samt den strekt trua kjempesoleie.

Dyrking og bruk

Fleire av artane i slekta vert dyrka som prydplanter, mellom anna ranunkel (R. asiaticus).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

soleieslekta
Ranunculus
Artsdatabanken-ID
103136
GBIF-ID
3033294

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg