Venusfluefanger
Venusfluefanger i slekta Dionaea med bytte.

Soldoggfamilien ein plantefamilie blant dei tofrøblada plantene. Globalt består familien av rundt 130 artar fordelt på tre slekter; soldoggslekta (Drosera), Dionaea og Aldrovanda. Både Dionaea og Aldrovanda er monotypiske. Artane i familien har mekanismar tilpassa for å fange og bryte ned bytte, som insekt eller andre smådyr.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Droseraceae

Skildring

Drosera capensis
Kjertelhåra til Drosera capensis

Familien består av ettårige og fleirårige urter med blad som sit i rosett og som har kjertelhår. Artane i soldoggslekta fangar og fordøyar byttedyr ved hjelp av kjertelhår, medan artane i slektene Dionaea og Aldrovanda lukkar blada om byttedyr.

Utbreiing

Soldoggfamilien finnes over store delar av verda, med hovudtyngd i Australia, Afrika og Sør-Amerika.

I Noreg

I Noreg finnes tre artar, smalsoldogg, dikesoldogg og rundsoldogg.

Systematikk

Soldoggfamilien høyrer til nellikordenen som ikkje er plassert i verken Roside-gruppa eller Asteride-gruppa, dei to store gruppene av tofrøblada planter. Dei næraste slektningane er truleg kannebærarfamilien og andre mindre familiar av kjøtetande planter.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

soldoggfamilien
Droseraceae
Artsdatabanken-ID
101612
GBIF-ID
5399

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg