småtranebær

Vaccinium oxycoccus, småtranebær. Foto fra: Tuvesjön, Hornsborg, Småland. Sverige

Vaccinium oxycoccus, småtranebær. Foto fra: Oulu, Finland

Småtranebær er ein krypande dvergbusk i bærlyngslekta i lyngfamilien. Planta veks på myrer, og utviklar raude, saftfulle bær.

Faktaboks

også kjent som:

Vaccinium microcarpum

Skildring

Småtranebær er ein planteart med krypande stengel. Blada er blanke og vintergrøne. Dei raude blomane er firtalege. Fruktene som vert danna er raude bær. Småtranebær skil seg frå den litt større stortranebær ved å ha snaue årsskott, blomeskaft og begerflikar og blad som er breiast ved grunnen.

Utbreiing

Småtranebær finnes over store deler av den nordlege halvkule, og veks i Noreg på myrer over heile landet.

Bruk

Dei saftfulle, raude bæra til stortranebær er gode til safting og sylting.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitenskapelig namn
Domene Eukaryoter Eukarya
Rike Planteriket Plantae
Klade Dekkfrøa planter Angiospermae
Klade Ekte tofrøblada planter Eudicotidae
Klade Asteridene Asteridae
Orden Lyngordenen Ericales
Familie Lyngfamilien Ericaceae
Slekt Bærlyngslekta Vaccinium
Art Småtranebær Vaccinium microcarpum

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg