Småbruk på Hølonda i Melhus
Småbruk på Hølonda i Melhus

Småbruk er eit lite, sjølveigd gardsbruk. Storleiken kan variera frå nokre få dekar og opp til 35 dekar fulldyrka mark, eller 100 dekar totalt, som er grensa for når det må søkjast konsesjon ved kjøp av gardsbruk utanfor eigen familie. Slike små bruk kan omsetjast fritt og har unntak frå buplikt og driveplikt.

På landbrukseigdom som har meir enn 35 dekar dyrka mark (fulldyrka og overflatedyrka jord) og/eller meir enn 100 dekar totalt areal er det bu- og driveplikt. Buplikt er det når nær slekt eller ein med odelsrett tek over ein bebygd eigedom som har mer enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord eller mer enn 500 dekar produktiv skog. Det kan søkjast om fritak frå driveplikta dersom dyrkajorda er utleigd.

Eit småbruk er som regel for lite til å kunna gi full sysselsetjing for ein gardbrukar med familie. Tradisjonelt var drifta på småbruka kombinert med anna verksemd tilpassa den landsdelen der bruka låg. Slike kombinasjonar kunne vera kystfart eller fiske i kystdistrikta, eller skogsarbeid, jakt eller innlandsfiske i skogsbygdene. Seinare har det oppstått ei rekkje nyare yrkeskombinasjonar.

Interessa for småbruk er i vekst. Blant dei som ønskjer eit småbruk, vil det vera eit stort spenn, frå dei som søkjer eit vanleg hus med stor tomt, til dei som er ute etter eit lite gardsbruk som kan drivast på deltid. Dei mest populære småbruka ligg i pendlaravstand frå ein tettstad eller bygdeby. Nokre av dei som søkjer seg til småbruk i dag, har behov for eit areal rundt huset til å driva med hobbydyr som hest og hund. Andre ønskjer å driva mindre arealkrevjande produksjonar med frukt, bær eller grønsaker. Å få høve til å ta vare på og pussa opp eldre bygningar til moderne standard kan også vera ein motivasjon for nokon.

Historikk

gårdshus bak, to kvinner og noen kuer på et jorde
Fleire bruk som hadde blitt rydda som husmannsplassar på 1700- og 1800-talet, blei klassifiserte som småbruk på 1900-talet.
Av /Åsen Museum og Historielag/Guri og Harald Skjesol (fotoeigar).

«Småbruk» og «småbrukar» er eit godt døme på omgrep som blei brukte i den politiske mobiliseringa for å gi husmenn og landarbeidarar høve til å etablera sjølveigde driftseiningar på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som blei stifta i 1913, blei boren fram av denne rørsla.

Talet på småbruk auka i denne perioden, både ved at husmenn fekk kjøpa dei små bruka dei budde på, ved garddeling mellom søsken og ved bureising. Først i etterkrigstida byrja talet på småbruk å gå tilbake.

Frå og med jordlova av 1955 blei det forbode å dela opp gardsbruk. I staden innleidde staten ein politikk for å utvikla såkalla «berekraftige familiebruk» gjennom samanslåing av mindre bruk. Gardshus der det meste av dyrkajorda er frådelt og lagd til bruk i nabolaget, blir gjerne namngitt som småbruk i dagens bustadmarknad.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg