Byvåpenet i Oslo fra 1892
Halvard er Oslos skytshelgen. Han var fra Lier, men relikviene hans ble flyttet til Oslo på 1100-tallet.
Byvåpenet i Oslo fra 1892
Av .

Ein skytshelgen er i katolsk tradisjon ein helgen som blir rekna som ein spesiell beskyttar for nokon. Personar, kyrkjer, byar eller land kan ha sin eigen skytshelgen. Skytshelgenar er tradisjonelt også knytte til ulike grupper av handverkarar, sjukdommar eller gjeremål.

Faktaboks

Etymologi
av tysk Schutz, ‘beskyttelse, vern’
Også kjend som

vernehelgen

Olav den heilage blei rekna som Noregs skytshelgen allereie kort tid etter sin død, og helgenskrinet hans i Nidaros blei eit mål for pilegrimar. Andre norske byar fekk eigne skytshelgenar, som sankt Sunniva i Bergen, sankt Hallvard i Oslo og sankt Svithun i Stavanger. Kvar av desse byane hadde helgenskrin med relikviar frå skytshelgenen i byens domkyrkje.

Også i Sverige og Danmark er dei nasjonale skytshelgenane knytte til kongehusa, med Sveriges Erik Jedvardsson og Danmarks Knut den heilage. Finland og Island, derimot, har biskopar som sine skytshelgenar: Henrik den heilage i Finland og Torlak den heilage på Island. Andre kjente nasjonale skytshelgener er sankt Patrick av Irland, sankt Andreas av Skottland og sankt Georg av England. Helgenattributtet til ein skytshelgen inngår gjerne i kommunevåpen eller flagg. Olav den heilages helgenattributt, øksa, inngår i Noregs riksvåpen. Kommunevåpenet for Oslo syner sankt Hallvard med helgenattributta hans, møllestein og piler. Det skotske flagget er eit kvitt Andreaskors på blå botn.

Ulike grupper av handverkarar har gjerne eigne skytshelgenar, som sankt Eligius for gullsmedar, og sankt Crispinus og Crispinianus for skomakarar. I tidlegare tider kunne folk som var råka av ulike sjukdomar, vende seg til særskilte skytshelgenar for hjelp. Sankt Georg, eller sankt Jørgen, var skytshelgen for spedalske, noko som blir spegla i namnet på Sankt Jørgens hospital i Bergen. Sankt Apollonia kunne påkallast ved tannverk, og er også skytshelgen for tannlegar. Fødande kvinner kunne vende seg til Sankt Margareta av Antiokia. Sankt Christophorus er tradisjonelt rekna som skytshelgen for vegfarande, og sankt Clemens for sjøfarande.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg