Høglue i rutete silke med skruv
Av .

Skruv er i folkedrakter ein ca. 1 m lang og 6–7 cm brei strimmel av bomullstyll med tyllbroderi langs den eine sida, lagt over panna rundt ansiktet og fest under haka, og deretter rundt halsen som ein krage og endane feste i nakken. Under skruven er det strøkband, og over hornlue.

Faktaboks

Også kjend som
skruv, skru

I Hedmark er skruv ein blonde på ei kvinnelue.

I Jølster er skruv ei nemning på oppsett hår i topp under høgehuva.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg