Skotsekund er ein korreksjon på eitt sekund (positiv eller negativ) som atomtida (UTC, Universal Time Coordinated, koordinert verdstid) om nødvendig vert justert med to gonger i året (30. juni, 31. desember) dersom forskjellen mellom atomtida og tida som vert basert på astronomiske observasjonar av jordrotasjonen (U.T., universaltid, verdstid), utgjer meir enn 0,8 sekund. Det siste skotsekundet vart innført i 2016.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål skuddsekund

Jordrotasjonen er ikkje heilt konstant. Friksjon frå tidevassbylgja som Månen reiser på Jorda har ein ørliten bremsande effekt på rotasjonen slik at døgeret blir sakte lengre, no omtrent 1,7 millisekund på 100 år. Små irregulære endringar i jordrotasjonen skuldast masseforflytningar i Jordas indre eller på overflata, tektoniske eller klimatiske endringar. Tidevassbremsinga dominerer slik at det oftare må leggjast til enn trekkjast frå eit skotsekund.

Sjølv om atomtid er meir eit meir nøyaktig mål for tidsforløpet enn universaltid, har universaltid òg ein eigen funksjon. Universaltid trengs for å rekna ut himmlellekamanes nøyaktige posisjonar i høve til observatørar på Jorda.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg