Artikkelstart
Skule-heim-samarbeid. Skole-hjem-samarbeid (bokmål). Skule-heim-samarbeid vert nytta som eit overordna omgrep for forholdet mellom skule og heim og skildrar eit gjensidig og likeverdig forhold mellom partane. Det er derimot ingen eintydig definisjon av skule-heim-samarbeidet verken i forskingslitteraturen eller i lover og føreskrifter.
Samarbeid mellom skule og heim er sentralt både for at den einskilde eleven kan unytte læringspotensialet sitt og for å skape gode læringsmiljø i elevgruppa og på skulen elles. Skulen har ansvar for å legge til rette for samarbeidet. I samarbeidet vil gjensidig kommunikasjon om elevane si faglege og sosiale utvikling vere sentral. Likeins elevane sin trivsel og andre psykososiale forhold. Samarbeidet mellom skule og heim er sentralt i heile grunnskulen (Kunnskapsdepartementet, 2006a) og for elevar i vidaregåande opplæring som ikkje er myndige (Kunnskapsdepartementet, 2006b). Skule-heim-samarbeid er ein sentral del av arbeidet med utvikling av læringsmiljøet i skulen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.