Skjermbladtre
Skjermbladtre, greiner med nålekransar (Svinviks arboret, Surnadal)

Skjermbladtre er den einaste nolevande arten i skjermbladtrefamilien Sciadopityaceae.

Faktaboks

Etymologi
Sciadopitys av gresk skias ‘skjerm’ og pitys ‘bartre’ (furu, edelgran) verticillata latin for ‘skjermstilt’, ‘kransstilt’
Også kjend som
skjermtre, skjermgran, paraplyfuru, koyamáki (japansk), umbrella pine (eng.)
Vitskapeleg namn
Sciadopitys verticillata
Beskriven av
(Thunb.) Siebold og Joseph Gerhard Zuccarini
Global rødlistestatus
NT – Nær truet

Arten høyrer heime i midtre og sørlege Japan, der han blir eit opptil 45 meter høgt tre med stammediameter 2—3 meter.

Kjenneteikn

Treet har regelmessige kransar av 10—40 flate barnåler som er 8—13 cm lange og 2—3,5 mm breie. Nålekransane kan minne om spilene i ein paraply og derfor har arten fått namn som går på paraply eller skjerm. På skotta mellom dei store nålekransane sit det små spiralstilte brune skjelforma blad, om lag 5 mm lange. Frøkonglene sit enkeltvis i toppen av skotta. Dei treng to år på å modnast og er da mørkebrune, 5—10 cm lange og 4—6 cm breie.

Dei store barnålene hos skjermbladtreet blir ofte kalla «dobbeltnåler» fordi dei ser ut som to samanvekste nåler. Det er ikkje sikkert avklarat om dei skal tolkast som to blad (nåler) som har vakse saman eller om dei eigentleg er bladliknande skott, fyllokladium eller kladodium.

Historikk

Dei karakteristiske nålekransane er lettkjennelege også i fossil tilstand. Fleire artar er påviste i fossile lag frå jura- og kritsystemetGrønland og Svalbard, også i Noreg og Sverige.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

skjermbladtre
Sciadopitys verticillata
GBIF-ID
2684904

Kommentarar (2)

skreiv Svein Berge

Jeg har plukket frø fra bakken under skjermtreet i dag (tidlig november, Jæren). Hva gjør vi med frøene og hvordan/når skal de sås?

svarte Egil Ingvar Aune

Jeg har ikke personlig erfaring med å så frø av skjermbladtre. Men det synes klart at det nødvendig med 2 - 3 måneder kald-stratifisering for å få god spiring, dvs. kjøleskapstemperatur, men neppe frost.
Twing Vine Garden i Canada har denne oppskrifta:
"Soak seed in a small quantity of water for 12-24 hours. Place seed in a resealable baggie with moist medium of fine bark mulch or chopped pine needles. Cold stratify 3 months. Once cold stratification period is over, begin warm stratification cycle at 20-25C. Seed will expand and split as the embryo awakens. Transplant into deep pots filled with well draining medium and include some of the bark mulch used in the stratification process. Continue to grow at 15-20C and provide bright indirect light. Protect from slugs in the first year…once true needles form and the seedling is a couple of inches tall, its almost bullet proof. NEVER let the seed dry out once you’ve started the germination cycle."

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg