Sino-tibetanske språk er verdas nest største språkfamilie etter den indoeuropeiske, med over 450 språk. Sino-tibetanske språk blir snakka av om lag ein femdel av verdas folk.

Faktaboks

Uttale
sˈino-tibetˈanske språk

Språkfamilien har to hovudgreiner:

Nokre forskarar meiner òg at sino-tibetansk er i slekt med ei eller fleire av gruppene tai, miao-yao og austroasiatisk.

Det finst mange strukturelle fellestrekk mellom sinittisk og tibeto-burmansk (begge har for eksempel tonar og er monosyllabiske språk), men årsaka til dette kan like gjerne vere seinare strukturell påverknad som felles opphav. Det er først og fremst historiske samsvar i lydsystemet som gjer at mange reknar slektskapen mellom sinittisk og tibeto-burmansk for sikrare enn slektskap med tai, miao-yao og austroasiatisk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg